Begge partar har anka
Ny runde i retten om Stormfuglen-salet.
Møre og Romsdal Tingrett dømde skipsmeklarselskapet Atlantic Marine i Ålesund og skipsmeklar Kåre Sindre Nyvoll til å betale høvesvis 14 og tre millionar kroner i erstatning til selskapet Stormfuglen Holding etter salet av fiskebåten Stormfuglen for 320 millionar kroner i 2020.
Grunnen til at retten meinte Nyvoll/Atlantic Marine skal betale erstatning er mangelfull rådgiving i måten salet vart avtalt gjort på. Det ville vore skattemessig gunstigare for Stormfuglen Holding å selge aksjane i datterselskapet Stormfuglen - som eigde båt og kvotar - i staden for å selge båt og kvotar direkte, såkalla innmatsal.
Stormfuglen Holding er eigd av tidlegare fiskebåtreiar Eva Toril Strand og hennar søster Dagny Elisabeth Strand Bachmann.
Ankar til langmannsretten
No har begge partar anka dommen frå Møre og Romsdal tingrett, stadfestar advokat Ulf Henning Sørdal, som er ein av advokatane til Stormfuglen Holding.
Han ventar at ankesaka tidlegast kjem opp i lagmannsretten i haust.
I etterkant av salet meinte Strand-søsterne at prisen for båt og kvotar var lågare enn det som kunne vore oppnådd, og at Atlantic Marine og Kåre Sindre Nyvoll var ansvarleg for det.
I prosedyren sa Strand-søstrene sin advokat at det økonomiske tapet kunne vere på 95 millionar kroner og ba retten dømme Atlantic Marine/Kåre Sindre Nyvoll til å betale erstatning etter rettens skjønn.
OK pris
Retten sette den samla erstatninga frå Atlantic Marine og Kåre Sindre Nyvoll til 17 millionar kroner og bestemte og at partane måtte dekkje sine eigne sakskostnadar.
Dommen konkludere og med at prisen for båten var innanfor marknadspris då salet skjedde, men at manglande rådgiving om effekten av å selje båten direkte kontra å selje aksjar i eit datterselskap gjorde at gevinsten vart mindre enn den kunne blitt for Stormfuglen Holding.
Publisert: 26.04.2023 10:30
Sist oppdatert: 22.02.2024 23:21