Får erstatning etter skipssal
Skipsmeklarselskap og skipsmeklar dømt til å betale etter salet av fiskebåten Stormfuglen.
14 millionar kroner frå skipsmeklarselskapet Atlantic Marine og tre millionar kroner frå skipsmeklar Kåre Sindre Nyvoll.
Det er erstatninga selskapet Stormfuglen Holding, som er eigd av fiskebåtreiar Eva Toril Strand og hennar søster, skal få i erstatning etter salet av fiskebåten Stormfuglen.
Det er dommen i Møre og Romdal i erstatningssaka Stormfuglen Holding gjekk til mot skipsmeklarselskapet Atlantic Marine i Ålesund og skipsmeklar Kåre Sindre Nyvoll.
Selde seg ut
Utgangspunktet for saka er at fiskebåtreiar Eva Toril Strand og hennar søster Dagny Elisabeth Strand Bachmann i Stormfuglen Holding på Averøy selde seg ut av fiskeri i 2020.
Kåre Sindre Nyvoll i skipsmeglerselskapet Atlantic Marine i Ålesund fekk oppdraget med å finne kjøpar til båt og kvoter.
Det gjorde han. Kjøparane var ei gruppe fiskebåtreiarar i Herøy, som betalte 320 millioner kroner for båt og kvotar.
95 millionar for lite
I etterkant av salet meinte Strand-søsterne at prisen for båt og kvotar var lågare enn det som kunne vore oppnådd, og at Atlantic Marine og Kåre Sindre Nyvoll var ansvarleg for det.
I prosedyren sa Strand-søstrene sin advokat at det økonomiske tapet kunne vere på 95 millionar kroner og ba retten dømme Atlantic Marine/Kåre Sindre Nyvoll til å betale erstatning etter rettens skjønn.
Retten meiner Strand-søstrene gjekk glipp av inntekter, men ikkje så mykje som advokatane deira sa i prosedyren.
"Retten faller ned på at Stormfuglen neppe ville solgt aksjene til mye under 300 mill. kr. Retten fastsetter tapet til 27 mill. kr.", heiter det i dommen.
Retten meiner det er for tyngande om meklar og meklarselskap skulle erstattet tapet fullt og set erstatninga til høvesvis tre millionar for meklaren og 14 for meklarselskapet.
Dom under tvil
Den som taper ei erstatningsak må i hovudregel betalt motparten sine sakskostnadar. I denne saka har dommaren avgjort at Atlantic Marine/Kåre Sindre Nyvoll slepp å betalt sakskostnadane til Stormfuglen Holding.
"Retten har kommet til at begge de saksøkte skal fritas for omkostningsansvar. Saken har budt på noe tvil, og de saksøkte hadde god grunn til å få prøvet saken. Det dømte beløpet ligger vesentlig under det som de saksøkte forsøkte å sannsynliggjøre. I dette ligger at de saksøkte har fått gjennomslag på viktige punkter. Retten viser også til at saken for Nyvoll personlig har stor velferdsmessig betydning.", heiter det i dommen.
OK pris, dårleg råd
Det er ikkje prisen på båt og kvotar - 320 millionar kroner - som blei oppnådd som gjer at retten meiner Strandsøstrene har rett på erstatning. Den var innanfor det som måtte reknast som marknadsprisen då salet skjedde. Eva Toril Strand ønske om eit rask og diskre prosess medverka også til at prisen ikkje vart høgare, ifølgje dommen.
"Alt i alt mener retten at Strand var mer interessert i en kortvarig prosess,
med lavere risiko for konfidensialitetsbrudd, enn å oppnå høyest mulig pris.", heiter dei i dommen.
Grunnen til at retten meiner Nyvoll/Atlantic Marine likevel skal betale erstatning er mangelfull rådgiving i måten salet vart avtalt gjort på. Det ville vore skattemessig gunstigare for Stormfuglen Holding å selge aksjane i datterselskapet Stormfuglen - som eigde båt og kvotar - i staden for å selge båt og kvotar direkte, såkalla innmatsal.
I utgangspunktet vart det avtala eit innmatsal, som seinare vart gjort om til eit aksjesal - men då var prisen allereie avtalt.
"Retten har kommet til at Nyvolls unnlatelse av å stille kontrollspørsmål til om salgsobjektet virkelig skulle være innmat, førte til at Stormfuglen ikke ble klar over den skattemessige forskjellen mellom salg av aksjer og salg av innmat før de var bundet til innmatprisen på 320 mill. kr. Dersom Stormfuglen hadde fått aktsom rådgivning av Nyvoll, mener retten at de hadde tatt seg tid til å vurdere salg av aksjer isteden. De hadde da etter rettens mening valgt å selge aksjer, hvilket de også gjorde, men da til en pris som de hadde liten eller ingen mulighet til å påvirke.", heiter det i dommen.
Publisert: 09.03.2023 15:41
Sist oppdatert: 13.03.2023 18:12