Aas Provider foto Wikimedia Commons
OPPDRETT OG SEISMIKK: Aas Provider ved kai i Bergen i 2020. Fartøyet har vore utleigd til både oppdrett- og seismikkbransjen og ligg no i Vestnes, ifølgje Marine Traffic. Foto: Wikimedia Commons/Cavernia
Nytt

Ber om konkurs i Vestnes-reiarlag

Tilsette fekk arrest i fartøy. Skatteetaten ber om at det blir opna konkurs.

29.01.2024

Møre og Romsdal tingrett gav tidlegare i januar fem tilsette i Aas Kystservice medhald i krav om arrest i fartøyet Aas Provider, som pant for for lønskrav mot selskapet.

Reiarlaget vart også dømt til å betale omlag 815.500 kroner til dei fem.

Konkursbegjæringa frå Skatteetaten skal opp i tingretten 9. februar, ifølgje retten.

La om drifta
I mai 2023 la Aas Kystservice om frå å leige ut Aas Provider til oppdrag for oppdrettsnæringa, til å leige den ut som følgjebåt til seismiske undersøkingar, ifølgje dommen i saka dei tilsette reiste mot selskapet.

På grunn av mangel på oppdrag vart skipet lagt i opplag i Vestnes midten av august i fjor.

I dommen kom det fram at manglande lønsutbetalingar skuldast at selskapet mangla pengar å betale med.

NETT NO har ikkje lukkast å få kontakt med eigar og dagleg leiar Alexander Aas.

Store underskot
I 2019 hadde Aas Kystservice 30 millionar kroner i driftsinntekt og eit resultat før skatt på 3,3 millionar kroner.

I 2020 krympa driftsinntektene til 18 millionar kroner, og resultatet før skatt blei minus 11,5 millionar kroner.

I 2021, som er siste året det er offentleg tilgjengeleg rekneskap for, var driftsinntektene 9,5 millionar kroner. Resultatet før skatt vart eit nytt underskot på 11,7 millionar kroner.

Eigenkapital i minus
Etter to år på rad i minus hadde selskapet ein negativ eigenkapital i 2021-rekneskapen, men selskapet vurderte det at det likevel var grunnlag for å drive vidare:

"Beskjeftigelsen av selskapets skip var i 2021 utfordrende. Konkurransen innen avlusing av fisk i oppdrettsnæringen er stor. Beskjeftigelsen tok seg imidlertid opp i 2. halvår i 2022. Skipet er oppgradert. Det jobbes også med avtale om utleie av skipet for perioder der det er lite oppdrag med avlusing", heiter det i rekneskapsrapporten for 2021.

Publisert: 29.01.2024 10:05

Sist oppdatert: 29.01.2024 10:38

Mer om