Den 84,6 meter lange og 16,9 meter breie brønnbåten har tre sylindertankar på totalt 3250 kubikkmeter.
Båten er av Havyard 587-design og er ei vidareutvikling av brønnbåten Stormy, som Havyard leverte i 2014 til Fosnavaag Wellboat. Denne båten heiter no Havtrans, etter at båten vart kjøpt av Norsk Fisketransport (NTF).
– Victoria Lady var den første brønnbåten med sirkulære tankar og NFT hadde den innleigd for nokre år sidan. Vi såg allereie då at sirkulære tankar har ein del store fortrinn framfor firkanta tankar.
- Erfaringa vår med drift av Havtrans har gjort oss heilt sikre på at vi har valt rett konsept og at dette konseptet kjem vi også i framtida til å ha stor fokus på når vi planlegg nye prosjekt.
- Det gir optimale forhold for laksen både under transport og når vi utfører avlusing og andre oppdrag.
- Det er heller ingen ulempe at laksen får symje i liknande omgivelsar som i dei sirkulære merdene.
Namsos går no i oppdrag i ein langtidskontrakt med Oppdretternes Miljøservice (OMS).
No seier Trygve Solaas, prosjektleiar ved Havyard Ship Technology i Leirvik at bygginga av Namsos har gått svært bra.
- Vi har vore pressa på tid og reiarlaget var nok litt i tvil om vi skulle klare leveringstida. Men jobben har vore godt planlagt og godt gjennomført, seier Solaas i pressemeldinga.
Havyard Ship Technology i Leirvik i Sogn har stått for utrustning, testing og ferdigstilling av båten.
Havyard MMC i Fosnavåg har levert alt utstyr til handtering av den levende fisken om bord. Dette består av utstyr og system til lasting, lossing og distribusjon av fisken, fisketelling og sortering, vassbehandling og kjøling, vasking, avlusing og automasjon og overvaking.
Norwegian Electric Systems i Bergen har levert elektriske tavler, generatorar og elektromotorar.
Båten er av Havyard 587-design og er ei vidareutvikling av brønnbåten Stormy, som Havyard leverte i 2014 til Fosnavaag Wellboat. Denne båten heiter no Havtrans, etter at båten vart kjøpt av Norsk Fisketransport (NTF).
God erfaring med runde tankar
Børge Lorentzsen, sjef nybygg og viseadministrerende direktør i NFT seier i ei pressemelding frå Havyard at dei er det brønnbåtreiarlaget som har størst erfaring i å frakte laks i sylindriske tankar.– Victoria Lady var den første brønnbåten med sirkulære tankar og NFT hadde den innleigd for nokre år sidan. Vi såg allereie då at sirkulære tankar har ein del store fortrinn framfor firkanta tankar.
- Erfaringa vår med drift av Havtrans har gjort oss heilt sikre på at vi har valt rett konsept og at dette konseptet kjem vi også i framtida til å ha stor fokus på når vi planlegg nye prosjekt.
Homogen vasskvalitet
Han seier at med sirkulære tankar er ein i stand til å kontrollere gjennomstrøyminga i tankane slik at vasskvaliteten vert homogen i heile tanken.- Det gir optimale forhold for laksen både under transport og når vi utfører avlusing og andre oppdrag.
- Det er heller ingen ulempe at laksen får symje i liknande omgivelsar som i dei sirkulære merdene.
Namsos går no i oppdrag i ein langtidskontrakt med Oppdretternes Miljøservice (OMS).
Leverte på tid
Havyard Group tapte mykje pengar på utvikling og bygging av brønnbåten Stormy.No seier Trygve Solaas, prosjektleiar ved Havyard Ship Technology i Leirvik at bygginga av Namsos har gått svært bra.
- Vi har vore pressa på tid og reiarlaget var nok litt i tvil om vi skulle klare leveringstida. Men jobben har vore godt planlagt og godt gjennomført, seier Solaas i pressemeldinga.
Mykje Havyard-utstyr
Havyard opplyser at Havyard Design & Engineering i Fosnavåg har stått for design og konstruksjonsunderlag for å bygge nye Namsos. I tillegg har avdelinga i Ålesund stått for elektrodesign, levert Havyard IAS automasjon- og alarmsystem, navigasjon- og kommunikasjonssystem og Havyard ConceptBridge integrerte bruløysing.Havyard Ship Technology i Leirvik i Sogn har stått for utrustning, testing og ferdigstilling av båten.
Havyard MMC i Fosnavåg har levert alt utstyr til handtering av den levende fisken om bord. Dette består av utstyr og system til lasting, lossing og distribusjon av fisken, fisketelling og sortering, vassbehandling og kjøling, vasking, avlusing og automasjon og overvaking.
Norwegian Electric Systems i Bergen har levert elektriske tavler, generatorar og elektromotorar.
Erfaringa vår med drift av Havtrans har gjort oss heilt sikre på at vi har valt rett konsept
Publisert: 22.12.2015 13:01
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:51