Betre resultat for Havila Shipping
Fleire skip i arbeid auka inntektene med nesten 50 prosent.
Med unntak av dei fem skipa i opplag hadde Havila Shipping 84 prosent av flåten i arbeid i første kvartal i år. Det er ein auke frå første kvartal i fjor, og medverkande til auken i driftsinntekten i år.
Offshorereiaralaget fekk eit driftsresultat nesten i balanse (sjå tabell) og også ei markert forbetring av resultat før skatt.
Skip i opplag selde
Fem skip i opplag, tre ankerhandteringsfartøy og to plattformforsyningskip, er selde. Selskapet opplyser at alle fem blir leverte til nye eigarar seinast i løpet av 3. kvartal i år, skriv selskapet i ei børsmelding i samband med offentleggjering av kvartalsrapporten for 1. kvartal 2022.
Reiarlaget driv 20 skip, der seks er heilt eller delvis eigde av andre.
Fleire gangar meir verdt
Hittil i år har aksjekursen til Havila Shipping stige 128 prosent. I løpet av dei 12 siste månadene er kursauken 251 prosent.
Klokka 14.56 i dag er kursen opp over 12 prosent, til 9,49 kroner per aksje. Det verdset selskapet til 224 millionar kroner.
Det er færre båtar i opplag og stigande etterspørsel etter båtar som er årsaka til kursauken både for Havila Shipping og andre offshorereiarlag.
Sævik-familiens holdingselskap, Havila Holding, eig 50,96 prosent av aksjane.
Havila Shipping ASA | ||
Tal i mill. kroner | 2022 | 2021 |
Driftsinntekt | 147,9 | 100,5 |
Driftsresultat | -0,6 | -34,3 |
Resultat før skatt | -16,2 | -113,0 |
Publisert: 25.05.2022 15:04
Sist oppdatert: 25.05.2022 16:06