Tom Erling Bahus og Nina Cathrina Bauge rekna med fem år i minus etter at dei tok over dåverande Fjellro Turisthotell våren 2021. Fasit er pluss allereie frå 2023.
Også i 2024 enda med vekst og eit lite overskot, trass i at Tor Erling Bahus anslår at selskapet tapte mellom ein halv og ein million kroner i inntekter på at Trollstigen vart stengt i fjor. I år blir Trollstigen opna igjen, men ikkje før eit par månadar ut i sesongen, slik at det vil påverke inntektene også i år, ifølgje Bahus.
Bahus og Bauge kjøpte hotellet frå dei tidlegare eigarane og drivarane, Eli Linge og Michael Boatwright, som sidan 2019 hadde vore ute etter nokon til å ta over.
La om drifta
Det er fleire endringar som ligg bak inntektsvekst og overskot, ifølgje Bahus:
Alle dei 24 roma er totalrenoverte og fellesareal i kjellar, første og andre etasje er også pussa opp.Drifta er lagt om frå heilårsdrift til sesonghotell, med sesongstart i mai og -slutt i september. Hotellet kombinerer ikkje lenger pubdrift og overnatting, men marknadsfører seg som eit bed & breakfast-hotell - med middagstilbod i høgsesongen i tillegg.
-Vi ser ut frå tala at vi har gjort ein del rette val, seier Bahus.
Synergi-effekt
Gjennom selskapet Bauge og Bahus er Valldal Fjord Lodge-eigarane også majoritetseigarar i Solund Gjestegard, Solund Leilighetshotell og serveringsstaden Skafferiet i Solund i Sogn.
Fordelen med eigarskapen har byrja og vise seg ved at turoperatørar dei har hatt avtalar med i Solund no har byrja å bruke også hotellet i Valldal, ifølgje Bahus.
Valldal Fjord Lodge as | ||
Tal i mill. kroner | 2024 | 2023 |
Driftsinntekt | 3,7 | 3,5 |
Driftsresultat | 0,4 | 0,5 |
Resultat før skatt | 0,004 | 0,1 |
Publisert: 28.01.2025 13:20
Sist oppdatert: 28.01.2025 23:58