Termo Transport auka staben 17ffed96558f9fdb66f4e129c9314ecb
BLOMSTER: Termo Partner Transport i Stryn frakta blomster over heile landet, heilt nord til Alta.
Nytt

Betydeleg gevinst på finare køyring

– Overraskande kor mykje ein kan få ned drivstoffforbruket ved å sjå på køyrestilen, seier sjefen i transportselskap.

25.04.2024

Termo Partner Transport i Stryn har omlag 50 eigne bilar og 90 sjåførar i sving med å frakte blomster ut til butikkane landet rundt.

I to år har selskapet arbeidd med å redusere kostnadaer til drivsstoff og CO2-utslepp, ved å køyre bilane på ein måte som krev mindre drivstoff.

Det siste halve året har arbeidet med å analysere og forbetre køyrestilen blitt intensivert. Heggestad Ommedal vil ikkje gå ut med tal, men seie det er snakk om «betydelege» innsparingar.

Blomsterringen største eigar
Termo Partner Transport er heleigd av spedisjonsfirmaet Termo Partner. Termo Partner er eigd av Blomsteringen (56,6 prosent), som har kundar så langt nord som til Alta i Finnmark. Resten av aksjane er eigd av Heggstad Ommedal og andre tilsette i selskapet.,

Selskapet har hatt ein samanhengande vekst i ti år. Så seint som i 2017 var bilparken på 20 eigne bilar og 30 årsverk.

I høgsesongen leiger selskapet inn ekstra kapasitet og kan ha så mange som 120 bilar på vegen på dei travlaste dagane i mai.

Termo Partner Transport As
Tal i mill. kroner20232022
Driftsinntekt140,2125,1
Driftsresultat1,61,2
Resultat før skatt0,40,6
Termo Partner As
Tal i mill. kroner20232022
Driftsinntekt209,9125,1
Driftsresultat2,21,4
Resultat før skatt2,51,7

Publisert: 25.04.2024 14:14

Sist oppdatert: 25.04.2024 14:38

Mer om