NTB zf0 Cum5mg K0 1
AVTALE: Kari Elisabeth Kaski (SV), Eigil Knutsen (Ap) og Geir Pollestad (Sp) er komme til semje i revidert nasjonalbudsjett for 2023, men dei har også spikra mykje politikk for neste år. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK
Nytt

Biodrivstoff, solkraft og meir elektrifisering

Regjeringspartia og SV er samde om eit oppdatert budsjett for 2023. Men avtalen bind også opp regjeringa i mykje ny politikk for neste år.

13.06.2023

NPK-NTB-Marius Helge Larsen: – Stortinget ber regjeringa i revidert nasjonalbudsjett for 2024 leggje fram tiltak for å elektrifisere offshore-installasjonar ved hjelp av havvind for å kutte klimagassutslepp, heiter det i avtalen mellom Senterpartiet, Arbeidarpartiet og SV som vart lagt fram tysdag Stortinget.

Partia har nettopp vorte samde om revidert nasjonalbudsjett for 2023, men avtalen inneheld også ei lang smørbrødliste frå SV med politikk regjeringa må innfri neste år.

Her er nokre døme:

* Frå 1. januar skal omsetningskravet for biodrivstoff blir auka – både i vegtrafikken, i luftfarten og for ikkje-veggåande maskiner. I tillegg skal forslag om å auke omsetningskravet for sjøfart blir send på høyring til hausten, slår avtalen fast.

* Regjeringa skal fremje forslag om krav til nullutslepp for alle nye servicefartøy i havbruksnæringa frå 1. juli 2024. Det må takast omsyn til at lokale forhold knytt til energiforsyning kan vanskeleggjere nullutslepp, slår avtalen fast.

* I statsbudsjettet for 2024, som kjem til hausten, må regjeringa også fremje forslag om tiltak for å sikre grøne industrietableringar i Noreg.

– Arbeidet må sjåast i lys av satsinga i andre land på grøn omstilling og grøn industri, som USAs Inflation Reduction Act og EUs Net Zero Industry Act, heiter det i avtalen.

Solenergi:

* Regjeringa må i 2023 fjerne konsesjonsplikt for solparkar opp til 1 MW på grå areal slik at løyve blir gitt av kommunane etter plan- og bygningslova.

* Regjeringa må også setje eit mål for ny solenergi på 8 TWh innan 2030 og utarbeide ein konkret handlingsplan som gjer det mogleg å realisere målet innan revidert budsjett i 2024.

* I første halvår 2024 skal regjeringa også sende på høyring eit forslag med krav om at det skal etablerast solceller og/eller lokalprodusert energi på alle nye næringsbygg over 500 m² utanfor LNF-område.

Hybridbilar og uføretrygd

* Vektfrådraget for ladbare hybridar skal også fjernast i samband med statsbudsjettet for 2024.

* Avtalen inneber også at regjeringa i samband med statsbudsjettet for 2024 må komme tilbake med ei «vurdering av ei omlegging av fribeløpet i uføretrygda, herunder ei vurdering av ein auke av fribeløpet inntil 1 G og andre endringar med mål om at uføre med restarbeidsevne i større grad enn ved dagens regelverk kan kombinere arbeidsinntekt med uføretrygd».

* Regjeringa må også komme med fleire tiltak for å sikre at pasientar med psykiske helseplager får stønad til tannbehandling.

* I statsbudsjettet for 2024 skal det også komme endringar i bustøtteregelverket som gjer ordninga meir treffsikker for hushald med låge inntekter og høge buutgifter på neste års budsjett.

Publisert: 13.06.2023 14:36

Sist oppdatert: 13.06.2023 14:36