Biogass anlegg klare for marknaden
RASKAR: Varme og bakteriar får fart på nedbrytinga av organisk avfall, slik at biogassanlegg kan doble kapasiteten. No er dagleg leiar Harald Nordal og gründer Jan Remmereit i Hypertermics klar for å lansert sitt anlegg i marknaden etter over eit halvt års drift av testanlegget.
Nytt

Biogass-anlegg klare for marknaden

Bio-industriselskapet er Hypertermics er klar for eit kommersielt gjennombrot med sitt anlegg for å fart på biogass-produksjonen.

29.08.2017
Etter at prototypen har vore i drift med på biogass-anlegget til renovasjonselskapet Lindum i Buskerud sidan årsskiftet satsar selskapet Hypertermics på å selge sine første anlegg i år.
- Målet er å skrive under fire kontraktar innan slutten av året, seier dagleg leiar Harald Nordal i Hypertermics i Hovdebygda.

Halverer produksjonstida

Bak Hypertermics står Naturalgründer Jan Remmereit, som bygde opp børssuksessen Natural, før han selde seg ut til Kjell Inge Røkke i 2006.

Ideen bak Hypertermics er enkel: Sett fart på nedbrytingsprosessen av organisk avfall i biogassanlegga ved hjelp av høg temperatur, bakteriar og arkeer (ein slektning av bakteriar) som er tilpassa temperaturar over 70 grader.
Ein eigen "reaktor" som forbehandlar avfallet kan omlag halvere produksjonstida, samanlikna med eit tradisjonelt anlegg, i følgje Nordal.

Emisjon i haust

Så langt har utviklinga av Hypertermics-teknologien kosta omlag 40 millionar kroner. Pengane kjem frå eigarane, Innovasjon Norge, Skattefunn, Regionalt forskningsfond MidtNorge og Norges Forskningsråd.
I vår hadde selskapet ein emisjon på åtte millionar kroner, og i løpet av hausten er det aktuelt med nok ein emisjon, seier Nordal.
Prototypen hos Lindum er eit testanlegg. I fjor gjekk energiselskapet Vardar, med hovudkontor i Drammen inn som medeigar i Hypertermics for å løfte fram biogass-satsinga.

Publisert: 29.08.2017 12:43

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:13