Konkursen i Bjorli Skiheiser i førre veke, stikk kjeppar i hjula for dei vidare planane ved det populære skidestinasjonen.
Oppbodet råkar også Bjorli Utvikling, eit utviklingsselskap med fleire personar frå næringslivet på Nordvestlandet på eigarsida og i styret.
No er selskapet i dialog med grunneigarane for å få betre tid til å finne ei løysing.
– Det som Bjorli Utvikling har arbeidd med i fem-seks-sju år, er å få ei totalregulering av Bjorli si utviklingsmoglegheit - og det har vi brukt betydelege beløp på, seier styreleiar Per Øverbø i Bjorli Utvikling til Nett No.
Har over 70 aksjonærar
Største aksjonær er Eivind Volstad i Ålesund og familiens investeringselskap Volstad, med knappe 12 prosent av aksjane.
Wenche Kjøll Øverbø og Jan Kjøll i Molde eig knappe 10 prosent. Storaksjonær i Geogroup, Olbjørn Kvernberg i Molde og advokat Jon Ketil Gjørtz i Ålesund eig omlag 6,1 prosent kvar.
Fiskebåtreiar Astrid Louise Strand i Ålesund eig 5,2 prosent gjennom sitt selskap Octopus Invest. I alt har selskapet over 70 aksjonærar.
Tungt utan heis
Utan skiheis og skitrekk blir det tyngre å selje hytter og få bygd overnattingstilbod, som kan trekkje fleire besøkande til Bjorli.
Bjorli Utvikling har sikra seg retten til eit område med plass til i alt 1200 fritidsbustadar. Selskapet har også retten til å bygge nye trasear til skianlegget.
I tillegg er målet mellom anna å få bygd ut såkalla varme senger, altså hotell og liknande overnattingstilbod. Målet er at Bjorli kan trekkje til seg fleire, enn berre dei som har hytte eller leilegheit på staden.
Frist til sommaren
Men no altså selskapet som har drive skitrekk- og heiser konkurs.
Samstundes er sommaren like om hjørnet. Då går fristen ut for Bjorli Utvikling til å betale første del av det grunneigarane som eig området skal ha. No håpar og trur Bjorli Utvikling å få utsett fristen for å betale grunneigarane, ifølgje Øverbø.
– Vi er i dialog med grunneigarane, seier styreleiaren.
Treng påfyll av pengar
Tre faktorar er hovudforklaringa på at Bjorli-satsinga ikkje har gått som investorane bak selskapet opphavleg hadde håpa på, ifølgje Øverbø:
Det er koronpandemien, at marknaden for nye fritidsbustadar har blitt tyngre og at det ikkje lukkast å få rekapitalisert Bjorli Skiheiser.
Det smittar over på Bjorli Utvikling:
«Realiseringen av disse rettighetene avhenger imidlertid av nye investorer, utbygger og kommersielle aktører innenfor næringsutvikling. Opprettholdelse av rettighetene også betydelig tilgang på finansiering, herunder betaling av opsjonspremier til grunneierne, Betydelige forpliktelsen forfaller sommeren 2025», heiter det i 2023-årsmeldinga til Bjorli Utvikling.
Øverbø ønskjer ikkje å talfeste kor store forpliktingar det er snakk om.
Publisert: 13.05.2025 14:14
Sist oppdatert: 13.05.2025 13:48






