Det vesle snøfallet den siste veka er ei mager trøyst for skisentra på Nordvestlandet. Dei treng nok snø og kulde til å halde det gåande ut tredje veka i april, for å håpe på å ta att i alle fall noko av inntektstapet så langt i 2024/2025-sesongen.
Langtidsvarsel med nedbør og relativt høge temperaturar framover, tyder på at det er liten sjansen for at håpet blir innfridd.
– Fire prosent, svarar dagleg leiar Vidar Haugland i Harpefossen Skisenter ved Nordfjordeid om kor sannsynleg det er at anlegget kan halde ope i påska.
«Stengde heisar inn til vidare. Perioden med mildver og mykje regn har reist med det meste av kunstsnøen vår, så anlegget blir stengt, i verste fall ut sesongen, men i alle fall inntil til vi eventuelt får påfyll av snø», er meldinga på nettsida til skisenteret.
Nett No har vore i kontakt med alle skianlegga i Nordfjord, på Sunnmøre og i Vestnes, Molde og Rauma. Stengt er bodskapen også hos resten av skianlegga, med Stranda og Bjorli som unntaka.

Barmarksløyper
På Bondalseidet i Ørsta har anlegget vore i drift i åtte dagar, mot mellom 60-80 dagar i dei to førre sesongane.
I Volda Skisenter, som er skisenteret i kommunen som er like ved sentrum, har det vore ope i ni dagar. Aller verst har det vore for Ørskogfjellet Skisenter, med berre frie dagars drift mot mellom 50 og 75 dagar dei siste åra.
– Det har vore ein katastrofal sesong for oss, sier Jørn Inge Løvik i Ørskogfjellet Skisenter.
Det har vore ein katastrofal sesong for oss
Hornindal Skisenter, som er det største og mest snøsikre i skianlegget i Volda kommune, har hatt 30 driftsdagar, om lag ei halvering frå i fjor. Anlegget har utstyr for å produsere kunsnø, og framleis ein såle av kunsstnø å byggje på - om det skulle kome meir snø og kuldegrader.
Det som gjer skisentra motstandsdyktige mot ein elendig snøvinter, er at drifta for dei fleste i stor grad er dugnadsbasert.
Finanskostnadar og andre faste kostnadar forsvinn ikkje om snøen manglar, men driftskostnadane blir små når inntektene uteblir.

Lang sesong på Bjorli
På Bjorli starta skisesongen 25. november i 2024 og planlegg å halde ope fram til og med søndag 27. april.
Kuldegrader om natta framover gjer at dagleg leiar Geir Steinar Vik satsar på at anlegget skal klare å produsere nok snø til å halde det gåpande til over påske.
Strandafjellet opna i starten av desember, og har halde ope sidan, med unntak av korte styggevêrsperiodar. Anlegget har greit med snø så langt opp som det er kunstsnøproduksjon, men manko høgare oppe ifølgje driftsleiar Ståle Fjørstad.
Vesentleg nedgang
Lite snø går også ut over skisalet.
Styreleiar Frode Hofseth i Sunnmøre Sport Holding vil ikkje talfeste nedgangen, men seier butikkane har hatt ein liten inntekstnedgang samla sett, men at det er snakk om «ein vesentleg» nedgang i skisalet samanlikna med førre sesong.
Den lokalt eigde sportsbutikk-kjeda eig og driv ti butikkar i Nordfjord og på Sunnmøre, mellom dei to i Ålesund.
Hadde det vore ein like dårleg snøvinter for 15 år sidan ville nedgangen i skisalet blitt dobbelt så stor, anslår Hofseth. Då var folk meir stasjonære, og brukte skia i nærområdet. No er det fleire som reiser lengre for å bruke skia, og det er med å oppretthalde eit større sal på Nordvestlandet, trass i lite snø.
Trass i nedgang i skisalet har Sunnmøre Sports Holding mindre ski på lager enn dei hadde på same tid i for. Hofseth seier dei var forsiktige med innkjøpa til denne sesongen, og let vere å kjøpe inn meir då dei såg at vinteren blei skral.
- Under kan du lese dei siste resultatsakene Nett No har laga om skisentra
Les også
Fekk mindre inntekter, men kostnadane krympa meir i fjorårssesongen.
Publisert: 15.03.2025 05:00
Sist oppdatert: 14.03.2025 17:06