Bjørlo håpar på snuoperasjon
Blir grunnrenteskatten på oppdrett innført, vil det ta lang tid å få skatteauken bort.
Den kraftige reaksjonen på grunnrenteskatt og annen skatteauke for næringslivet, kan få Ap og Sp til å tvile på sine eigne framlegg om skatteauke for næringslivet.
Det håpar stortingsrepresentant Alfred Bjørlo (V) skal skje etter at regjeringa kom med sine skatteaukeframlegg i veka før statsbudsjettet vart lagt fram.
Utestemme
I eit innlegg i NETT NO forsvarar han bruken av kraftig og høglytt argumentasjon mot skatteauken.
Venstre-politikaren seier til NETT NO at den høglytte strategien frå selskap i oppdrettsbransjen og lokalpolitikarar langs kysten har vald, er den beste sjansen til få regjeringa til å snu.
Målet er «å få Ap- og Sp-politikarane til å gå ei runde til og sjå på om dette er noko dei ønskjer» seier Bjørlo.
Kutt tek lang tid
Blir skatteauken, og spesielt grunnrenteskatten på oppdrett, først innført blir den ikkje reversert på 1-2-3, sjølv etter eit regjeringsskifte, etter Bjørlo si vurdering.
- Det for store beløp til det, seier han.
Det skattemisnøgde bedriftseigarar og -leiarar kan håpe på etter eit regjeringsskifte, er ein gradvis reduksjon i skatten.
Publisert: 14.10.2022 05:00
Sist oppdatert: 11.11.2022 09:54