Lied og Ringset grunnla Trollbryggeriet i 2009 i Liabygda i og gjorde det om til aksjeselskap i 2011. Av dagens bryggeri på Nordvestlandet var Trollbryggeriet først ute og har oppnådd landsdekkande distribusjon for ølet sitt.
Dei to sambygdingane og jamaldringane er fødd i 1958 og starta allereie i 2024/2025 arbeidet med å finne kjøparar som vil drive Trollbryggeriet vidare.
Første steg var å avklare avtalar nå det gjeld tomt og bygget, som husar både bryggerianlegget og selskapslokalet.
Vekstpotensiale
Det er på plass og no er Bjørn Gjerde i BG Consulting, med erfaring både frå MRB (Møre og Romsdal Bedriftsutvikling) og Converto, engasjert for å finne ein kjøpar.
I ein annonse i Finansavisen argumenterer han med "et betydelige vekstpotensiale" både for bryggeri- og selskapslokale-verksemda, og ei plassering ved innfartsåra til både Trollstigen og Ørnesvingane/Geiranger.

Mindre tid til salsarbeid
Årsaka til inntektsnedgangen frå 2024 til 2025 (sjå tabell) er at selskapet ikkje hadde høve til like omfattande salsarbeid i fjor som året, før ifølgje styreleiar Kjartan Lied.
Han seier små bryggeri også merkar at konkurransen i butikkane er blitt tøffare. Det vil også vere ein kostnad å tilpasse seg krav om mindre eingangsemballasje og lettare flasker. Det krev omstilling og tilpassing av maskinene i bryggeriet og per i dag at flaskene må kjøpast frå fabrikkar lenger unna - som aukar transportkostnadane.
| Trollbryggeriet as | ||
| Tal i mill. kroner | 2025 | 2024 |
| Driftsinntekt | 4,6 | 5,3 |
| Driftsresultat | 0,01 | 0,06 |
| Resultat før skatt | -0,2 | -0,2 |
Publisert: 17.03.2026 10:31
Sist oppdatert: 17.03.2026 10:31






