Styreleiar Kjartan Lied og dagleg leiar Jørund Ringset grunnla Trollbryggeriet i Liabygda i 2009, allereie før boomen for små lokale bryggeri kom.
Sidan har dei drive det største og mest innarbeidde ølbryggeriet på Nordvestlandet.
No når dei pensjonsalderen, har dei starta ein prosess for å finne nye eigarar av selskapet, fortel Kjartan Lied til Nett No.
Selskapet som er hyra inn for stå for salet, kjem til å sjå både mot norske og utanlandske kjøparar, seier han.
Servering og bryggeri
Trollbryggeriet vart gjort til aksjeselskap i 2011. I 2016 fekk selskapet eit nytt bryggerianlegg og opna samstundes selskap- og serveringslokalet Trollstova, som held til i same bygg som bryggeriet i Liabygda.
I 2023 omsette selskapet for 3,7 millionar kroner og fekk eit resultat før skatt på minus 0,2 millionar kroner.
Planen er å selje selskapet samla med både bygg og anlegg. Som ein del av salsprosessen skal selskapet først kjøpe ut den bygsla tomta bygget står på, og ventar no på å få gjennomført dei naudsynte formalitetane hos kommunen i samband med tomtekjøpet.
Avskaling
Samanlikna med då bryggeribølgja var på sitt høgaste har det vore ei avskaling i bryggeribransjen på Nordvestlandet.
Grim & Gryt Økobryggeri på Hareid gjekk konkurs i 2017, Baatbryggeriet på Vestnes la ned i 2022 og Tonga Gradsbryggeri la ned i 2023.
Tonga Gardsbryggeri selde imidlertid utstyret sitt til Valldal Safteri som start bryggeri i Valldal i fjor.
Publisert: 07.01.2025 13:24
Sist oppdatert: 07.01.2025 13:24