Blomstrande gruenderverksemd i koronatida
FLYTTAR INN: Dagleg leiar Sigbjørn Nordstrand (t.v.) og direktør for forretningsutvikling Tore Roppen i Prodtex førebur produksjon på Fiskåholmen i Vanylven. Nyleg kom ustyret på plass som i første omgang skal sveise stålkonstruksjonar til bruer. 
Nytt

Blomstrande gründerverksemd i koronatida

Møre og Romsdal opplever rekordmange nyetableringar trass krisetid. Prodtex er mellom gründarane som gir gode råd for å starte opp. 

Administrator
09.10.2020
Dei siste åra er det starta eit rekordhøgt tal nye bedrifter i Møre og Romsdal. I 2019 blei det starta over 2400 nye føretak – .
Så langt i år ligg talet 2020 an til å bli endå høgare. Dei ti første månadene i år er det registrert 1227 nye føretak – 63 fleire enn på same tid i rekordåret 2019, ifølgje tal frå Brønnøysundregistera.

Råda frå industrigründeren

Prodtex Industrier er blant selskapa som har kome til de siste åra. I desse dagar er dei i ferd med å starta opp produksjonen av stålkonstruksjonar med moderne robotutstyr på Fiskåholmen i Vanylven.

NETT NO har fleire gonger omtalt selskapet som har hovudkontor i Ulsteinvik, og tidlegare i år fekk dei millionstøtte frå Innovasjon Noreg.

Les også:




Dagleg leiar Sigbjørn Nordstrand har desse råda til andre som vurderer å starta eiga bedrift:


  • Delta på arrangement for gründerskap, her vil ein få mange gode tips. I tillegg utviklar ein nettverket sitt.
  • Ver sikker på at du har ein marknad, søk gjerne Innovasjon Noreg om midlar til marknadsavklaring.
  • Orienter deg om konkurrentane dine, kva finst i marknaden frå før? Kvifor skal nokon kjøpa produktet ditt?
  • Sørg for nok likviditet i selskapet ved oppstart, det tek som regel lengre tid å få eit produkt eller ei teneste ut i marknaden enn ein trur.
  • Lag realistiske budsjett både for drift og likviditet.

Hoppid.no vekker merksemd

For å gjera det lettare å bli gründer har Møre og Romsdal oppretta eit tilbod dei kallar «Hoppid.no». Tilbodet inneber at kommunane i fylket har eit eige hoppid.no-kontor der nye gründerar kan få hjelp til å koma vidare.
Tiltaket er eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune, kommunane, Innovasjon Noreg og fylkesmannen i Møre og Romsdal.
Satsinga er ifylgje rådgjevar May Britt Roald i Møre og Romsdal fylkeskommune, unik og vekkjer no internasjonal interesse.
– Ute i Europa syg dei no til seg erfaringane våre. Det er ganske spennande, seier Roald som fortel at dei mellom anna samarbeider med regionar i Spania og Slovenia.

Råda frå fruktbonden

Hardangerbonden Ingrid Larssen Sekse driv gard med produksjon av eple. Denne hausten har ho ein prøveproduksjon av eplemost og sider.

I 2021 skal ho byggja produksjonslokale til produksjon av eplemost og sider. Målet er å skapa arbeidsplassar til seg og mannen på garden utan anna inntekt ved sida av.
Ho har fått etablerarstøtte frå Innovasjon Noreg til prøveproduksjon, design, marknadsundersøking og forretningsplan.

Dette er råda til fruktbonden om å starta ny verksemd:


  • Søk råd hjå folk med erfaring.
  • Undersøk kor du kan søka om støtte og bruk tid på å skriva gode søknadar.
  • Kva gjer deg spesiell? Kvifor skal kunden velja ditt produkt framfor andre liknande produkt? Bruk dette i marknadsføringa av produktet ditt.
  • Lag gode planar, men ver førebudd på endringar. Vegen vert til mens ein går.
  • Det vert mange arbeidstimar utan løn for strevet, men hardt arbeid løner seg til slutt.
  • Hopp i det og rekn med nokre feiltrinn på vegen.

Les også:



Boom hos gründersenter

Ved Vekst- og gründersenteret til Innovasjon Noreg i Førde har pågangen av førespurnader skote i vêret under koronakrisa.
– På sparringtenesta vår har vi hatt ein auke på 70 prosent så langt i år i høve til i fjor, fortel leiar av Vekst- og gründersenteret i Førde, Hjørdis Vik.

Senteret har samtidig fått 66 prosent fleire søknader om marknadsavklaringsstøtte frå april til august i år samanlikna med same periode i fjor.
På eitt år er senteret vanlegvis i kontakt med rundt 10.000 kundar.
– No har vi allereie passert 15.000 førespurnader så langt år, seier ho.
Ho legg til at regionkontora til Innovasjon Noreg elles i landet òg har opplevd ein stor auke i talet på førespurnader og søknader om finansiering.

Mange permitterte og mista jobben

Vik trur auken heng saman med at mange har blitt permitterte eller har mista jobben etter at koronapandemien braut ut, samtidig som regjeringa har vore opptekne av å stimulera til gründerskap og utvikling i eksisterande bedrifter i den situasjonen landet er i.
– Når folk blir permitterte, vekkjer det noko i oss. Folk har behov for noko å gjera. Samtidig ser fleire no ei moglegheit til å realisera prosjekt dei kanskje har tenkt på ei stund. Dei kjem til eit vegskilje.

Senteret ein døropnar

Når nye gründerar eller etablerte bedrifter tek kontakt med Innovasjon Noreg for første gong, er det Vekst- og gründersenteret i Førde som tek imot dei.
– Vi er den første sparringpartnaren dei nye kundane møter for å sparra rundt nye prosjekt og forretningsidear, forklarer Vik.
Senteret blei oppretta for fem år sidan, men gründertelefonen starta allereie i 2013. Sidan har senteret blitt utvida litt etter litt. Vekst- og gründersenteret har i dag åtte faste stillingar. På grunn av den store pågangen i samband med koronapandemien, er staben for tida utvida med fire engasjement.
I tillegg til sparringtelefonen, har Vest- og gründersenteret ansvar for å behandla søknader om etablerartilskot i tidleg fase for heile landet – og for teknisk kunderettleiing av dei elektroniske søknadene.

Gründerskap – meir enn gode idear

Skal du lykkast som gründer, er det ifylgje Hjørdis Vik ikkje nok berre å ha ein god ide.
– Ein god gründer må ha eit nettverk rundt seg. Vedkommande må også kunna ta rettleiing og vera oppteken av å søkja kunnskap og kompetanse. Dei som lykkast tenkjer ofte stort frå starten. Ein treng ikkje nødvendigvis å starta stort, men ein bør tenkja stort og setja eit ambisjonsnivå som ein riggar seg etter, oppmodar ho.
Vik strekar dessutan under at det er svært få gründerar som lykkast åleine.
– Dei som evnar å setja saman gode team, har eit stort fortrinn.

Digitale løysingar i vinden

Gründerane som tek kontakt med Vekst- og gründersenteret er ifylgje Vik svært opptekne av å få tilbakemelding på ideane sine.
– Svaret vårt er veldig kjedeleg. Vi seier at det ikkje er opp til oss å vurdera, men at det er avhengig av kva marknaden meiner. Rådet vårt er difor å testa ut ideen og finna ut kva behov målgruppa har.
Etter at koronakrisa braut ut, har Vekst- og gründersenteret sett stor nytenking og nyskaping innan ny teknologi og digitale løysingar. Her er det ifylgje Vik eit stort behov.
– Både innan helse, skule og business er det no eit stort rom for samordning og utvikling av ulike digitale verktøy, slår ho fast.

Stort spekter nyetableringer

Blant gründerane som samarbeider med Vekst- og gründersenteret, finst det både mindre og større etablerarar.
– Vi har heile spekteret. Ein del levebrødgründerar er ute etter å etablera ei bedrift der dei kan brødfø seg sjølv og ha ein eller to arbeidsplass. Det er kjempebra og viktig nyskaping, men vi arbeider mest med dei som har litt større ambisjonar, som kan gje fleire arbeidsplassar og gjerne har ein internasjonal marknad, seier Vik.
Samtidig skulle ho gjerne sett fleire kvinnelege gründerar. Trass i at Innovasjon Noreg frå 2009–2019 har hatt eit eige program for å satsa på kvinnelege gründerar, kunne regjeringa i fjor fortelja at berre ein av tre gründerar er kvinner. For å retta på dette la regjeringa i fjor haust fram ein handlingsplan.

Inspirert av eksisterande næringsliv

Mange av gründerane som tek kontakt med Vekst- og gründersenteret ønskjer å etablera nye bedrifter som byggjer vidare på næringsverksemd der dei bur.
– Det er naturleg at det oppstår ein del moglegheiter med utgangspunkt i ein eksisterande næringsstruktur og den spisskompetansen som finst på eit område, seier Vik.
Både møbelklyngjene på Sunnmøre, fisk langs kysten og kraftrike kommunar er døme på dette, meiner ho.
Eitt av dei mest spennande oppstartsselskapa i landet er ifylgje Vik det Førde-baserte selskapet Tibber, som hjelper folk å finna dei billegaste straumavtalane. Selskapet blir omtalt som kraftbransjen sitt svar på Spotify og er no lansert i mange land.
Vik trur elles at økonomiske svingingar i samfunnet har meir å seia for kor mange nye bedrifter det blir starta enn korleis det politiske landskapet ser ut. Ho peikar på at det også under oljekrisa i 2015/2016 var eit oppsving i folk som ønskte å starta nye bedrifter.
– Men eg trur politiske ordningar kan ha meir å seia for om bedriftene overlever over tid, seier ho.

Les også:



Seriegründerens råd:



Synspunkt:


Når folk blir permitterte, vekkjer det noko i oss. Folk har behov for noko å gjera. Samtidig ser fleire no ei moglegheit til å realisera prosjekt dei kanskje har tenkt på ei stund

Publisert: 09.10.2020 11:00

Sist oppdatert: 25.05.2021 09:45