Runar Muren Endre Matre Tore Roaldsnes Geir Heggen Lars Ståle Skoge foto Ulstein Group 11
SKAPER RINGVERKNADAR: Partane samla i samband med kontraktssigneringa. Frå venstre: administrerande direktør Runar Muren i Ulstein Design & Solutions, Endre Matre (leiar teknisk og nybygg) i Westcon, administrerande direktør Tore Roaldsnes i Bluewild, prosjektleiar Geir Heggen i Westcon og salssjef Lars Ståle Skoge i Ulstein Design & Solutions. Foto: Ulstein Group
Nytt

Bluewild-trålar gir oppdrag på Nordvestlandet

Fleire selskap på Nordvestlandet skal levere til trålaren Westcon skal bygge for Ålesund-reiarlaget Bluewild.

16.02.2022

I tillegg til at Ulstein Group har fått sin første designkontrakt for ein fiskebåt med X-Bow-design er det fleire selskap på Nordvestlandet som skal levere til den nye trålaren.

Finnøy Gear & Propeller på Finnøy skal levere propellar og gir, Evotec i Ulstein vinsjar og Cflow i Sula anlegg for handtering og levandelagring av fisk.

Båten er finansiert av Sparebanken Møre og Sparebanken Vest, i tillegg til Innovasjon Norge.

Norske ringverknadar
Båten vil koste omlag 600 millionar kroner, ifølgje reiar Tore Roaldsnes.

- For oss betyr dette at vi sikrar grunnsysselsetting for våre folk og også sikrar at vi får vere med på eit interessant prosjekt som eg trur aktualiserer seg enda meir etterkvart som oljeprisen stig, seier Endre Matre, leiar for skipsbyggingsverksemda i Westcon-konsernet.

Han gler seg over at byggeoppdraget hamna i Noreg, også på grunn av ringverknadane det skaper.

Både reduserte kostnadar og reduserte utslepp for fossilt drivstoff gjer Bluewild-trålaren til eit attraktivt oppdrag for verftet. Skroget blir bygd i Tyrkia og kjem til Westcon sitt verft i Ølen i starten av 2023. Trålaren skal leverast i slutten av 2023.

Mindre energi og utslepp
– Skipet vil ha eit gjennomsnittlig lågt drivstofforbruk og utslepp. Spesielt under tråling i låg fart vil vi kunne oppnå reduksjon av CO2-utslepp på opptil 40 prosent, og NOx-reduksjon på opptil 70 prosent, seier Bluewild-eigar Tore Roaldsnes i ei pressemelding.

Det nye skipet skal også bli meir lønsamt.

Vi skal utnytte ressursane på ein slik måte at dagens økonomiske utvikling ikkje går på bekostning av framtidig økonomisk utvikling. ECOFIVE (skipet, red. merk) vil gi nærare ei dobling av driftsinntekter og tredobling av resultat samanliknat med eitt av reiarlaget sine andre fartøy på same driftsgrunnlag, seier Roaldsnes i pressemeldinga.

Desse er dei største leverandørane til Bluewild-skipet, følgje ei pressemelding frå Bluewild:

Skipsbygging: Westcon Yards
Design: Ulstein Design & Solutions
Propell og gir: Finnøy Gear & Propeller
Ombordtaking (vinsjar): Evotec
Levendelagring-anlegg og handtering: Cflow
Fabrikk: Skaginn3x
Kjøl og frys: PTG
Finansiering: Sparebanken Møre, Sparebanken Vest og Innovasjon Norge

Publisert: 16.02.2022 14:23

Sist oppdatert: 16.02.2022 16:34

Mer om