Bluewild FX101 innfelt tore roaldsnes illustrasjon foto ulstein group ogne 11
600 MILLIONAR: Tore Roaldnes (innfelt) har arbeidd med ein ny og meir energieffektiv fiskebåt i fleire år. Onsdag blei fartøyet med FX101-designet presentert av Ulstein. Båten vil koste omlag 600 millionar kroner.Illustrasjon/foto: Ulstein Group/Ogne Øyehaug
Nytt

Bluewild-fiskebåt med Ulstein-design

Bluewild skal byggje ny fiskebåt hos Westcon.

16.02.2022

Fartøyet er ein trålar, og blir den første fiskebåten med Ulstein Group sin karakteristiske X-Bow.

Det var Skipsfarts-forum.net som skreiv om kontrakten først.

«Ser ut til å være et design fra Ulstein Design & Solution for rederiet Bluewild AS, "Langenes" som skal byttast ut?», skriv Oddgeir Refvik - eigar og drivar av nettsida - om skipet som har byggenummer 41 hos Westcon og skal leverast i 2023. («Langenes» er ein av fiskebåtane i Bluewild i dag, journ. anm.).

Tore Roaldsnes stadfestar i eit tekstmelding til NETT NO at det er en avtale mellom reiarlag og verftet. Han seier båten vil koste omlag 600 millionar kroner.

Etter at NETT NO skreiv om avtalen sendte også Ulstein Group ut ei pressemelding om avtalen.

(saka held fram under)

Runar Muren Endre Matre Tore Roaldsnes Geir Heggen Lars Ståle Skoge foto Ulstein Group 11
SIGNERING: Partane samla i samband med kontraktssigneringa. Frå venstre: administrerande direktør Runar Muren i Ulstein Design & Solutions, Endre Matre (leiar teknisk og nybygg) i Westcon, administrerande direktør Tore Roaldsnes i Bluewild, prosjektleiar Geir Heggen i Westcon og salssjef Lars Ståle Skoge i Ulstein Design & Solutions. Foto: Ulstein Group

Samarbeid
Då fiskebåtreiarlaget Nordic Wildfish ble delt mellom dei tre eigarane etablerte Tore Roaldsnes si verksemd i selskapet Bluewild.

Bluewild overtok mellom anna samarbeidet med Ulstein Design & Solutions om å utvikle ein ny type fiskebåt, og det er det som no har munna ut i at den første fiskebåten med X-Bow-design skal byggast.

Båten er mellom anna bygd for levandelagering av fisk, og låg energiforbruk.

(saka held fram under)

Bluewild FX101 illustrasjon Ulstein Group 22
ENERGIEFFEKTIV: Måten Ulstein har planlagt framdriftssystemet og systemintegrasjonen på fartøyet, gjer at dei ventar ein reduksjon i forbruk av drivstoff med ein firedel. Illustrasjon: Ulstein Group

Klar i fleire år
Ulstein Group har hatt skipsdesign for fiskebåtar med X-Bow i produktporteføljen i fleire år.

I følgje pressemeldinga frå Ulstein Group blir trålaren 73,2 meter lang, får eit lasterom på 2000 kubikkmeter og blir utrusta for å trekke ein kvadruppel trål og pelagisk trål. Fartøye skal ha plass til eit mannskap på 30.

Fartøyet skal erstatte "Langenes", slik Refvik spekulerte i.

Meir energieffektiv
Tore Roaldsnes har arbeidd med planar om ein meir energieffektiv fiskebåt i fleire år.

Nå får han den: "Det hybride kraft- og framdriftssystemet, som kombinerer dei beste eigenskapane frå dieselelektrisk og dieselmekanisk framdrift, vert støtta av ein stor batteripakke. To store propellar med rordyser aukar manøvreringsevna og slepekrafta, og bidreg til å minimere energitap ved rorutslag. Overskotsenergien, som returenergien frå vinsjane, vert lagra i batteripakken og overskotsvarme frå motorane blir gjenvunne og brukt der det er behov elles i skipet.", heiter det i pressemeldinga frå UIstein Group.

Den nye båten blir bygd for levandelagring av fangsten fram til slakting. Fangsten skal også takast ombord under vasslinja for å bevare kvaliteten betre.


Publisert: 16.02.2022 12:11

Sist oppdatert: 16.02.2022 17:24

Mer om