Bloeggebaat kan bli foerste hydrogenkunde
HAREIDKONFERANSEN: Dagleg leiar i selskapet Norwegian Hydrogen og prosjektleiar for Hellesylt Hydrogen Hub, Jan Arild Roppen, under Hareidkonferansen torsdag. Roger Hofseth (innfelt) kan bli første kunde for hydrogensatsinga. 
Nytt

Bløggebåt kan bli første hydrogenkunde

Produksjon av hydrogen på vatnet kan bli løysinga for Norwegian Hydrogen for å kome i gong så raskt dei ønsker.

Marius Rosbach
02.10.2020
Om alt går som Norwegian Hydrogen og pilot-E-prosjektet Hellesylt Hydrogen Hub ønsker, blir Hofseth Aqua den første hydrogenkunden med ein bløggebåt på Storfjorden.
Norwegian Hydrogen jobbar no med korleis dei kan få til produksjon og distribusjon av hydrogen. Prosjektet Hellesylt Hydrogen Hub er førebels i ein konseptutviklingsfase, påpeiker dagleg leiar Jan Arild Roppen i Norwegian Hydrogen.
– Mykje så langt er forbunde med usikkerheit, men vi er i dialog om å forsyne ein båt som skal frakte fisk, med hydrogen. Vi jobbar med ei løysing der vi kan levere oksygen til merdane samtidig, fortel Roppen til NETT NO.

Hofseth Aqua er med-investor

Roger Hofseth stadfestar til NETT NO at hans selskap Hofseth Aqua, ønskjer å bli første kunde. Dei er også med i prosjektet som investorar – og har store planar om .
– Vi jobbar med å teikne ein bløggebåt som vil gå på hydrogen. Førebels er det litt opp og fram før alt er på plass, men vi jobbar med å sjå på kostnadene og korleis vi kan gå fram, fortel Hofseth til NETT NO.
Lenge låg det an til at ei ferje mellom Geiranger og Hellesylt ville bli det første fartøyet på hydrogen på Nordvestlandet, men Rolf Fiskarstrand fortalde til NETT NO tidlegare i år at det no var eit .
Samtidig jobbar både Hellesylt Hydrogen Hub og Fiskarstrand Verft vidare med ferjekonseptet, der det er venta eit nytt anbod frå fylkeskommunen i haust.

Vurderer produksjon på vatnet

Under Hareidkonferansen torsdag fortalde prosjektleiar Jan Arild Roppen i Hellesylt Hydrogen Hub korleis dei låg an i arbeidet.
– Vi er i ei utgreiingsfase, men håpar at vi kan levere hydrogen frå 2022. Samtidig er vi opne for at det kan ta lengre tid, seier Roppen.
Han fortel at reguleringsplanar lokalt vil ta tid, og det gjer at dei ser på ei flytande løysing som ei moglegheit for å starta opp hurtigare.
– Vi ser på ei løysing der vi har ein fabrikk på lekter, men også dette må ha alle godkjenningar på plass. Sjølve oppsettet og installasjonen av fabrikken, reknar vi med å kunne gjere på eitt år, fortel Roppen.
Dei har allereie laga eit system for korleis hydrogenet kan overførast til fartøy på ein sikker måte.

Raumabanen, hurtigbåtar og tungtransport

Hellesylt Hydrogen Hub jobbar samtidig vidare med lokaliseringa av ein fabrikk på land ved Tryggestad. Roppen fortel at fjordarmane egnar seg godt for hydrogenbruk med sparsam infrastruktur inn til området, samtidig som det er sokalla innestengt kraft i Hellesylt som kan nyttast.
- Vi vil etablere ei funksjonell og kommersiell berekraftig verdikjede for hydrogen på Nordvestlandet, seier Roppen om målet for prosjektet som har fått om lag 45 millionar i støtte via Pilot-E-ordninga der forskningsrådet og Innovasjon Norge er finansieringspartnarar. Førebels er budsjettet på drygt 120 millionar kroner.
Roppen fortel at dei ser på ulike format for kortreist hydrogen. Både Raumabanen og ulike hurtigbåtruter er interessante strekningar for hydrogenbruk, men også bussar og tungtransport.
Samtidig gir samarbeidet med havbruk moglegheiter for skalering og eksport, påpeiker Roppen.

– Ein mogleg posisjon for Norge å ta

Næringsminister Iselin Nybø var mellom tilhøyrarane på Hareidkonferansen torsdag. Ho er overtydd om at det ligg store moglegheiter for næringslivet på området.

– Det er mange som ser på hydrogen og ammoniakk som ein del av framtida i maritim sektor. Det er ein mogleg posisjon for Norge å ta. Det er mykje spennande som skjer på dette området, seier ho til NETT NO.
Regjeringa la i juni fram ein hydrogenstrategi som peika ut den vidare retninga for arbeidet. Gjennom Energix-programmet til forskingsrådet og auka bevillingar til Enova håpar styresmaktene at det vil vere mogleg å gjennomføre fleire hydrogenprosjekt.
– Det er prosjekta i seg sjølv som avgjer kven som får støtte, basert på søknader til desse ordningane, seier Nybø.
Statsminister Erna Solberg gjekk også nyleg ut med auka satsing på hydrogen under Høgre sitt landsmøte. Eit nytt arbeid med vegkart for hydrogen skal bidra til å systematisere satsinga med knutepunkt for distribusjon over heile landet.

Les også:





Vi er i ei utgreiingsfase, men håpar at vi kan levere hydrogen frå 2022

Publisert: 02.10.2020 11:00

Sist oppdatert: 07.04.2021 17:21