Bompengesmell for Tenden
BOMTRØBBEL: Fleire nye bomprosjekt gjer at bompengekostnadane er den kostnadsposten som veks raskast for Thor Tenden Transport.
Nytt

Bompengesmell for Tenden

Lastebil-eigar Rolf Olav Tenden må ut med minst ein million kroner ekstra i bompengar i år. Slikt tærer på overskotet. 

11.07.2014
Her sparer sjåførane mine tid og trøbbel, tenkte Olav Rolv Tenden då den nesten fire kilometer lange tunellen på E6 ved Øyer i Gudbrandsdalen blei opna i desember 2012.
Dette blei både kjapt og trygt! Men dessverre blei det ikkje billeg.

Ekstrarekning

Tenden er hovudeigar (92,22 prosent) og sjef i Thor Tenden Transport i Stryn, eit firma som har E6 som sjølve livsnerven. Alt som gjer vegen enklare, tryggare og raskare er bra.
Men gleda over den nye Øyertunellen vart dempa då ein av sjåføren spurte Tenden om han hadde rekna på kva bompengane som skal betale for utbygginga kostar firmaet. Tenden sette seg ned med kalkulatoren.
- Alt i alt utgjorde rekninga på tunellen 300.000 kroner (i året, red. merk). 300.000 kroner rett på botnlina berre på ein tunell, seier Tenden.

Inntil 1,5 millionar kroner

Øyertunellen er ikke det einaste bompengeprosjekt som fordyrar drifta for Olav Rolv Tenden.
Omfanget av bompengeprosjekt aukar, og det slår ut i lønsemda. Alt i alt rekna Tenden med at firmaet må ut med mellom 1,1 og 1,5 millionar kroner ekstra i bompengar i år.
Han har sett opp prisane ein gong i år, og reknar med å gjere det på nytt til hausten. Grunnen er bompengekostnadane, men Tenden er usikker på om han greier å kompensere fullt ut for auka bompengekostnadar.

På landsgjennomsnittet

Over ein million kroner i ekstra bompengekostnadar er mykje for eit transportfirma på Thor Tenden Transport sin storleik.
Lønsemda i selskapet er heilt på line med gjennomsnittet i bransjen, og det er berre å kikke på tala i tabellen for å forstå at ein million kroner ekstra er ei stor kostnadsauke.
Tenden er berre delvis nøgd med resultatet for 2013.
- Det er for dårleg for å utvikle selskapet, seier han.

Held på arbeidsstokken

Men sjølv om han helst skulle hatt betre lønsemd, ser han ingen grunn til å svartmale.
Arbeidsstokken på 40 er stabil, og lastebilflåten på 27 eigne og seks innleigde bilar relativt ny.
Selskapet har spesialisert seg på tre felt, som alle krev spesialbilar; frakt av slakteriavfall, frakt av vindauge, dører og trapper, og frakt av kjøt.
Kjøttransport- med Nordfjord Kjøtt som storkunde - utgjer i dag kring ein tredjepart av driftsinntektene for selskapet.
Selskapet fraktar og søppel frå Sogn og Fjordane til forbrenningsanlegg på austlandet.

Merkar ikkje konkurranse

Medan langtransporten ut og inn av Noreg i stor grad blir gjort av utanlandske selskap og utanlandske sjåførar, merkar Tenden lite til konkurransen frå utanlandske sjåførar på innanlandsmarknaden han konkurrerer på.

- Vi ser det, men vi føler det ikkje på oss, seier han.

Publisert: 11.07.2014 10:50

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:34