Frå 2011 til 2021 hadde Hydronic Coolers på Ellingsøya berre to år med overskot, men frå og med 2022 har det vore plussresultat.
Berre i 2023 - med 72,5 millionar kroner i driftsinntekt og 9,2 millionar kroner i resultat før skatt - har selskapet gjort det betre enn i 2025 (sjå tabell).
Hydroniq Coolers leverer varmevekslarar til maritim industri. Varmevekslane blir brukt til å kjøle ned maskinrom ved hjelp av sjøvatn, på alle typar skip og riggar.
Frå 5,3 millioner kroner i driftsinntekt i 2011 har selskapet hatt ein nesten samanhengande inntektsvekst, med over 90 millionar kroner i driftsinntekt både i fjor og i 2024.
Familieigd
I 2018 kjøpte Investeringsfondet Norvestor og deler av leiinga i Sperre Compressors ut kompressorverksemda i det då familiegde konsernet på Ellingsøya.
Familiemedlemane held imidlertid på eigarskapen i det som i dag heiter Hydroniq Coolers, som dei eig 80 prosent av gjennom selskapet SMV Invest.
Dei andre aksjonærene i Hydroniq Coolers er dagleg leiar Inge Bøen, Endre Kristiansen og Rune Myklebust.
Oppkjøp
I august i fjor kjøpte Hydronic Coolers den mekaniske industriverksemd Weldteam med ti tilsette i Søvika. Weldteam er no eit datterselskap i Hydronic Coolers, men Weldteam-tala er ikkje med i 2025-tala til Hydronic Coolers (sjå tabell under). Weldteam hadde 22 millionar kroner i driftsinntekt og 2,6 millionar kroner i resultat før skatt i 2024.
Dagleg leiar Inge Bøen seier i ei pressemelding at det er tøff konkurranse marknaden, men at selskapet er optimistisk med tanke på inneverende år.
| Hydroniq Coolers as | ||
| Tal i mill. kroner | 2025 | 2025 |
| Driftsinntekt | 90,2 | 92,9 |
| Driftsresultat | 7,1 | 2,9 |
| Resultat før skatt | 7,4 | 2,9 |
Publisert: 08.04.2026 09:27
Sist oppdatert: 08.04.2026 09:27






