Landbruk jordbruk beite foto knut fjeldstad ntb npk 11
NEI TIL KJØT-KUTT: Klimagasskutt må skje gjennom forbetra, norsk matproduksjon, ikke mindre norsk matproduksjon, meiner Bondelaget, som seier kutt i kjøttproduksjonen er uaktuelt. Foto: Knut Fjeldstad / NTB / NPK
Nytt

Bondelaget kritisk til klimaplanen

Norges Bondelag håpar opposisjonen gjer endringar i klimapolitikken til regjeringa.

Marius Rosbach
12.02.2021

NPK-NTB: Leiaren i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes, seier til Nationen at han håpar opposisjonspartia finn saman om å halde kjøttkutt utanfor klimapolitikken.

– Hovudstrategien må framleis vere klimagasskutt gjennom ein forbetra, norsk matproduksjon. Ikkje ein redusert norsk matproduksjon. Berre på den måten kombinerer vi omsynet til sjølvforsyning, arbeidsplassar og målet om eit levande landbruk over heile landet, seier Bartnes.

Les også: Ordførarprotest mot klimaplan

Om regjeringa skal sikre seg fleirtal for klimaplanen, må dei få med seg eitt eller fleire av opposisjonspartia.

Flytte utslepp
Frps Jon Georg Dale uttalte nyleg til Nationen at han ønskte å få med seg Arbeidarpartiet på å stenge døra for eit eventuelt kutt i kjøttkonsumet og produksjonen. Aps Åsmund Aukrust har sagt at kjøttkutt ikkje er aktuelt for Ap.

– Å kutte norsk kjøttproduksjon vil truleg berre flytte utsleppa, og er derfor ikkje aktuelt, sa Aukrust.

Publisert: 12.02.2021 08:20

Sist oppdatert: 02.03.2021 06:47

Mer om