
Bourbon-fartøy til sals
Håpar å få 22,5 millionar dollar (240 millionar kroner) for det 2007-bygde plattformforsyningsskipet Bourbon Monsoon.
Det er Pareto som no sonderer marknaden for å etablere ei gruppe investorar som skal kjøpe fartøyet, gjennom eit eige aksjeselskap.
Inititiativet til eit sal kjem frå Bourbon, stadfestar dagleg leier Bjørn Idar Remøy i Bourbon Offshore Norway og Bourbon Offshore Norway Holding. Det er datterselskapet Bourbon Ships som eig fartøyet.
Bourbon Monsoon vart levert frå Ulstein Verft i 2007 og gjekk rett i arbeid på ei 10-årskontrakt for BP Norway. Frå 2017 til andre halvår 2021 låg fartøyet i opplag. Deretter har det vore utleigd til Vår Energi/Equinor, Shell/Equinor/Aker BP og Shell Namibia. Etter planen kjem det til Nordsjøen i sommar.
Drive vidare
Ein del av tilbodet til investorane er at Bourbon Monsoon skal drivast vidare av Bourbon Horizon.
Det er eit samarbeidsselskap (joint venture) det franske Bourbon-konsernet og Horizon canadiske Horizon Maritime etablerte i fjor for å satse på offshoreskip-marknaden i Nordsjøen og Canada.
Eigarskapet til dei fem fartøya Bourbon hadde då avtalen blei inngått blei liggande i Bourbon Offshore Norway og dei to skipa frå Horizon som inngår i samarbeidet skifta heller ikkje eigar, sjølv om drift og marknadsføringa av alle fartøy blir gjort av det nye selskapet, Bourbon Horizon.
Cliff Gaetz frå Horizon Maritime er leiar for Bourbon Horizon. I leiinga er også Bourbon Offshore Norway-sjef Bjørn Idar Remøy. Gaetz arbeider frå Canada, Remøy frå Herøy.
Publisert: 19.06.2024 09:50
Sist oppdatert: 19.06.2024 09:51