2025 ligg an til å bli det andre året på rad med laber nybygging i marknaden for store havgåande fiskebåtar.
Også i fjor vart det bestilt berre sju nybygg, medan det i 2023 vart bestilt 23 slike fartøy på verdsbasis (med unntak av Kina). Det viser ei oversikt frå klyngeorganisasjonen GCE Blue Maritime Cluster, basert på statistikken frå det internasjonale analyseselskapet BRL Shipping Consultants.
– Det er veldig lite som skjer, seier prosjektsjef Knut Tore Aurdal i GCE Blue Maritime til Nett No.
Russland-effekt
Nedturen for fiskebåtbygging har fleire årsaker etter Aurdal si vurdering.
Mellom anna er marknaden for eldre båtar tørka inn på grunn av sanksjonene mot Russland. Utan russarane som kjøparar av brukte båtar, er det tyngre å selje ein eldre båt.
Då blir det også meir vanskeleg å finansiere nybygg.
Politisk uvisse
Mykje av forklaringa på den trege nybyggingsmarknaden er politisk uvisse rundt heile Nord-Atlanteren - også på vestkysten av USA og Canada.
Usikkerheita gjeld tilgang og rett til fiskekvotar, saman med konsekvensen av Russland sin krig mot Ukraina, fortel Inge Bertil Straume i Skipsteknisk til Nett No.
Han har i ei årrekkje leia skipsdesignselskapet sitt arbeid i fiskebåtmarknaden og er no frittståande rådgivar.
– Det er ingen optimisme lenger, seier Straume om stemninga hos fiskebåtreiarane.
I tillegg til den politiske uvissa, kjem verknaden av ein kraftig prisauke, kutt i fiskekvotar og ein restriktiv politikk når det gjeld å auke kvotane igjen når der ser ut som fiskebestandane er i betring.
Dobla pris
I 2019 var det dåp og overlevering av den pelagiske trålaren Zephyr hos Larsnes Mek. Verksted.
Det 75 meter lange fartøyet kosta omlag 330 millionar kroner. Same type båt ville koste omlag det dobbelte i dag, fortel dagleg leiar Jarle Gunnarstein på verftet til Nett No.
Han har aldri sett maken til dramatisk prisauke i si tid som skipsbyggar.
Det er prisauke på alt frå stål, til deler og utstyr, saman med auka lønningar som driv prisane opp. I tillegg kjem valutaeffekten som forsterkar prisauken på alt som må kjøpast frå utlandet. Alt dette medverkar til at færre fiskarar vil bygge nytt.
– Det er mykje mindre forespørslar i dag, seier Gunnarstein om interessa for nybygg.
Karstensen størst
Karstensen Skipbsværft har vore det største fiskebåtverftet i Skandinavia i fleire år. Dei har også kapra tre av dei sju nybyggingskontraktane som er inngått i fiskebåtmarknaden i år ifølgje oversikta til GCE Blue Maritime Cluster.
Tyrkiske verft, som også har vore populære hos fiskebåtreiarane, har så langt i år ikkje fått nye fiskebåtkontraktar.
Publisert: 09.12.2025 15:05
Sist oppdatert: 31.12.2025 15:38






