Stor tyrkisk loensauke
RIFT OM ARBEIDSKRAFTA: Tyrkiske verft opplever at konkurransen om å rekruttere og halde på folk har blitt tøffare. Det slår ut på konkurranseevna.
Nytt

Tøffare og tregare for tyrkiske verft

Ein av norsk verftsindustri sine argaste konkurrentar har tapt konkurransekraft på kort tid. Det fortel Per Olaf Brett, som følgjer europeisk skipsbygging tett.

Tyrkiske verft har hatt ein kraftig vekst over fleire år og har lukkast i ta store oppdrag frå norske og andre reiarar. Spesielt innan ferje- og fiskebåtbygging, men også offshorefartøy har dei tyrkiske verft sikra seg ein rekke kontrakter. 

Prisskilnaden har vore ein viktig faktor bak suksessen til dei tyrkiske verfta, men i løpet av kort tid er mykje endra. 

– Dei har hatt ein veldig kostnadsauke i Tyrkia. Tyrkisk økonomi er ganske shaky, seier Per Olaf Brett til Nett No.

Han har tidlegare vore viseadministrerande direktør hos Ulstein International og er framleis engasjert med oppdrag for Ulstein Group. Samstundes er han knytt til NTNU i ei professor II-stilling og er observatør i samband med OECD-sitt arbeid med konkurransekraft-vilkår i internasjonal skipsbyggingsindustri.

Råka av fleire negative faktorar
Brett peiker på at fleire negative faktorar har råka tyrkisk skipsbyggingsindustri samstundes - og at det er forklaringa på at dei har fått det tyngre. 

  • Kostnadsauke på arbeidskraft og komponentar.
  • Høg prisstigning generelt i Tyrkia.
  • Negativ valutautvikling.
  • Vanskeleg å få ta i fagfolk.
  • Tyngre å skaffe finansiering.

Brett anslår prisskilnaden mellom å bygge i Tyrkia og Norge, no er nede i mellom 10 og 15 prosent.

Per Olaf Brett
RASK ENDRING: Det negative omslaget for tyrkiske verft har kome i løp9et av kort tid og mellom anna krympa kostnadsskilnaden på å bygge i Tyrkia og Noreg. Foto: Ogne Øyehaug

Fleire forseinkingar
Utfordringane for dei tyrkiske verfta har ført til at fleire reiarar har vore nøydd til å smøre seg med tålmod. 

Trident Aqua Services har fått to båtar forseinka frå eit tyrkisk verft. Det same har reiarlaget Arctic Swan opplevd med sin nye trålar. 

Ålesund-selskapet har i tillegg roke uklare med Optimar om levering av fabrikken om bord - som har skapt nye forseinkingar. 

– Håpar å ha båten overlevert til jul
Herøy-reiarlaget Leinebris er mellom fleire fiskebåtreiarar som har valt å bygge i Tyrkia. 

Då Nett No omtala sjøsettinga ved Tersan-verftet i fjor haust var arbeidet i rute til levering i sommar eller tidleg haust.

Dagleg leiar og hovudaksjonær Paul Harald Leinebø stadfestar at ting har teke lengre tid enn planlagd. 

– Vi håpar å ha båten overlevert til jul. No er den måla og det meste av arbeidet er sluttført. Det er snart klart for ein teknisk prøvetur, så er det finish og segle heim, fortel han til Nett No. 

– Ikkje stressa verftet med å bli ferdige
Leinebø fortel at det er fleire årsaker til at ting har teke lengre tid for deira del. 

– I vårt tilfelle er det mellom anna sein levering frå leverandørar som har vore ei utfordring. Samtidig har vi ikkje stressa verftet med å bli ferdige. Vi vil heller vere sikre på at det blir gjort skikkeleg arbeid, legg han til. 

Ettersom reiarlaget framleis har båt å fiske med og arbeid for mannskapet, har dei heller ikkje hatt noko hast med å ta levering. 

Paul Harald Leinebo Age Uran Tersan foto Leinebris
SJØSETTING: Leinebris-reiar Paul Harald Leinebø saman med Mehmet Gazioğlu, som er dagleg leiar ved Tersan Shipyard da den nye båten blei sjøsett i fjor. Foto: Leinebris.

Fleire årsaker til forseinkingar
Leinebø har fått med seg at fleire verft i Tyrkia slit med leveringstida. 

Han meiner ei årsak er at mange verftsarbeidarar for eit par år sidan reiste til heimeområda sine etter at kraftige jordskjelv råka landet. Han fortel at svært mange forlot skipsverfta i Yaloa. 

Leinebø har også opplevd at det er ein generell manko på folk til å gjere elektroarbeid. 

– Det har også litt å gjere med at båtane er blitt meir avanserte. Eg trur det er kablar om bord i vår båt som kan rekke sju gonger fram og tilbake til Grønland, seier han. 

Angrar ikkje valet
Herøyværingen angrar ikkje på at dei valde Tyrkia – og ser heller fram til å ta i mot «nyebåten» i løpet av få veker. 

Leinebø fortel at dei ønska å legge byggeoppdraget til eit lokalt verft, men at ein prisskilnad på kring 20 prosent blei avgjerande. 

– Eg har heller ikkje noko tru på at det hadde gått fortare i Norge, der skroga alltid vert bygd i utlandet og berre utrustninga skjer her, legg han til. 

Trur på kutt
På topp i 2021 hadde Tyrkia heile 84 skipsverft. No er det nede i omlag 70 verft. 

Per Olaf Brett trur både på ei vidare konsolidering og redusert kapasitet for tyrkisk verftsindustri framover. 

I 2023 auka eksporten av skip frå Tyrkia med 33 prosent målt i verdien målt i tyrkiske lira. I 2024 var den stabil, men per første halvår i år var den ned 33 prosent, ifølgje den engelskspråklege avisa Turkish Minute - som siterer den tyrkiske nettsavisa Ekonomim.

Publisert: 28.11.2025 09:38

Sist oppdatert: 28.11.2025 09:43

Mer om