Det seier verftsdirektør Jarle Gunnarstein ved Larsnes Mek. Verksted etter at verftet har signert endå ei brønnbåtkontrakt med Rostein.
- Dette sikrar oss godt med arbeid fram til neste sommar, seier Gunnarstein.
Den nye brønnbåten blir 79,25 meter lang, 15 meter brei og er designa av Skipskompetanse i Måløy.
Skroget skal byggjast ved verftet Marine Projects i Gdansk, som Sande-verftet har hatt eit langvarig samarbeid med.
- Planen er at skroget skal leveres fra Marine Projects i slutten av november i år og levering til reiarlaget skal skje i slutten av mai 2021.
I mars vart den 84 meter lange hybride brønnbåten Ro Vision overlevert, og til sommaren skal søsterskipet Ro Venture overleverast.
Etter ein hektisk periode, blant anna med jobbing også i påska, seier Gunnarstein at det blir ei litt rolegare periode fram til november.
- Men vi skal ha ei ombygging på MS Harto og ein del større reperasjonsoppdrag.
- Vi jobbar også med ein del andre nybyggingprosjekt, seier Gunnarstein som håper at covid-19 også vil føre til at fleire norske reiarar vel å byggje på norske verft i staden for utanlandske verft.
Sande-verftet skal no i gang med ei omfattande oppgradering.
Sentralt er bygging av ei ny tørrdokk på 120 x 24 meter, samt bygging av ein hall over dokka. Høgda på hallen vert 31 meter opp til mønekammen frå kainivå.
I tillegg skal det byggjast ny kai, og eksisterande forlengast med 52 meter.
- Dette sikrar oss godt med arbeid fram til neste sommar, seier Gunnarstein.
Den nye brønnbåten blir 79,25 meter lang, 15 meter brei og er designa av Skipskompetanse i Måløy.
Ferdig i mai 2021
Lastevolumet blir på 2.800 kubikkmeter.Skroget skal byggjast ved verftet Marine Projects i Gdansk, som Sande-verftet har hatt eit langvarig samarbeid med.
- Planen er at skroget skal leveres fra Marine Projects i slutten av november i år og levering til reiarlaget skal skje i slutten av mai 2021.
Ser på fleire prosjekt
Sande-verftet har hatt Rostein som hovedeigar sidan 2014, og brønnbåtselskapet har tilført mykje arbeid.I mars vart den 84 meter lange hybride brønnbåten Ro Vision overlevert, og til sommaren skal søsterskipet Ro Venture overleverast.
Etter ein hektisk periode, blant anna med jobbing også i påska, seier Gunnarstein at det blir ei litt rolegare periode fram til november.
- Men vi skal ha ei ombygging på MS Harto og ein del større reperasjonsoppdrag.
- Vi jobbar også med ein del andre nybyggingprosjekt, seier Gunnarstein som håper at covid-19 også vil føre til at fleire norske reiarar vel å byggje på norske verft i staden for utanlandske verft.
Storsatsing
Larsnes Verft har 62 eigne tilsette, med Gunnarstein opplyser at i mars og april har det vore mellom 190 og 200 arbeidarar innom verftsportane.Sande-verftet skal no i gang med ei omfattande oppgradering.
Sentralt er bygging av ei ny tørrdokk på 120 x 24 meter, samt bygging av ein hall over dokka. Høgda på hallen vert 31 meter opp til mønekammen frå kainivå.
I tillegg skal det byggjast ny kai, og eksisterande forlengast med 52 meter.
Vi jobbar også med ein del andre nybyggingprosjekt
Publisert: 29.04.2020 17:59
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:56