Brann i båt på Myklebust
Verftet fekk raskt kontroll etter kraftig røykutvikling om bord i Sølvtrans-båt.
Ingen personar kom til skade etter at det oppstod brann om bord i ein båt ved Myklebust Verft.
Det dreier seg om brønnbåten Ronja Star som Sande-verftet bygger for Sølvtrans-reiarlaget i Ålesund.
Politiet i Møre og Romsdal melde om hendinga på Twitter ved 11.40-tida tysdag. Få minutt etterpå melde 110-sentralen for Møre og Romsdal at brannmannskap var framme på staden.
Starta med kraftig røykutvikling
Brannen skal ha starta i eit røyr om bord, fortalde operasjonsleiar Sindre Molnes hos politiet til NETT NO ved 12-tida.
Då hadde allereie verftet teke hand om sløkkearbeidet, fortalde han.
– Det var kraftig røykutvikling i utgangspunktet, men dei skal ha fått stengt ventilar og fyllt røyret med vatn, legg Molnes til.
– Fekk raskt kontroll
Verftsdirektør Lars Conradi Andersen ved Myklebust Verft fortel at dei antek brannårsaka var sveisearbeid.
– Industrivernet vårt fekk raskt kontroll på situasjonen. Brannen oppstod i eit plastrøyr, fortel han til NETT NO.
Det var også årsaka til at røykutviklinga vart ekstra kraftig: – Situasjonen såg nok litt meir dramatisk ut enn det var innleiingsvis, legg Andersen til.
Alle dei tilsette blei raskt gjort greie for og båten var ved 12.30-tida frigitt for vidare arbeid.
– Det er ein ting som ikkje skal skje, så vi skal kome til botn i korleis brannen oppstod, avsluttar verftsdirektøren.
Publisert: 28.06.2022 11:44
Sist oppdatert: 28.06.2022 17:46