Web veidar
VEIDAR: Brann om bord i Veidar fredag kveld. Foto: Fiskebåt
Nytt

Alle om bord er evakuerte

Brannen på Godøy-båten Veidar er sløkt.

01.04.2022

Laurdag i middagstida er heile mannskapet på 22 evakuerte frå Godøy-båten Veidar. Fleire av dei skal allereie vere på veg heim til Sunnmøre. Ingen har alvorlege skadar.

Hovedredningssentralen opplyser at Veidar vert slept inn til smulare farvatn av kystvaktskipet Bison, og brannen om bord er sløkt.

Brannen om bord i Veidar oppstod då båten låg 35 nautiske mil nord for Røst.

Ei rekke skip kom til for å hjelpe. Klokka 22:00 fredag kveld var følgjande skip rundt Veidar, klare til å bistå: Gadus Njord, Gadus Poseidon, Nesbakk, Atlantic Star, Sjøvær, Magne Arvesen, Båtsfjord, Havstrand, K/V Senja, K/V Andenes og Rescue Stormbull.

Følg saka på nettsidene til Hovudredningssentralen for Nord-Norge.

Bilde 2022 04 01 212924
BRANN: Mange skip var raskt framme ved Veidar, viser data frå Marinetraffic.

Det var 22 om bord i Veidar då brannen starta. 17 gjekk i flåter og livbåtar, og 14 vart henta seint fredag av redningshelikopter og frakta til Leknes.

Dei resterande vart verande om bord saman med røykdykkarar frå Kystvakta for å avklare brannsituasjonen.

Veidar er ein fire år gamal line-og garnbåt. Lengda er 55,5 meter og breidda 13,2 meter.

Båten vart overlevert frå Simek i mars 2018.

Publisert: 01.04.2022 21:22

Sist oppdatert: 02.04.2022 14:09

Mer om