
Bransje i koronamedvind
Auka inntekter, betre lønsemd. Slik var koronaåret for sportbransjen på Nordvestlandet.
- For sport vart det eit bra år, i staden for det vi frykta, seier Syver Nupen, dagleg leiar og eigar av Sport 1 Ørsta.
Forretninga auka driftsinntektene med over ein million kroner og meir enn dobla lønsemda frå 2019 til 2020.
Tabellane i slutten av artikkelen omfattar dei fleste av dei mindre og frittståande sportsforretningane på Nordvestlandet, og viser at Nupen i Sport 1 Ørsta er typisk for bransjen.
Også for Sunnmøre Sport Holding, som omfattar sju sportsforretningar, var utviklinga den same - eit oppsving i både inntekter og lønsemd. NETT NO skreiv om Sunnmøre Sport Holding-resultata i førre veke.
Les også
Sykkelmangel
Etter at det første koronasjokket hadde lagt i fjor vår seg kom folk tilbake til sportsbutikkane.
Det første det var knapt om var sko, både til springing og fjelltur. Deretter vart sykkel mangelvare, fortel Nupen.
Sykkeloppsvinget kan mellom anna lesast ut av tala til Peder Øie i Ålesund. Det er ei forretning som har spesialisert seg på syklar, og som auka salet frå 4,9 millionar kroner i 2019 til 7, 3 millionar kroner i 2020.
Den verdsomspennande koronapandemien og trafikkkorka som containerskipet Evergreen skapte då det sette seg på tvers i Suezkanalen skapte store forstyrringar i produksjon og distribusjon av syklar og sykkeldelar.
Syver Nupen i Sport 1 Ørsta har fått beskjed frå sin leverandør om at sykkelmarknaden først kan ventast å normalisere seg i løpet av 2023.
Landsomfattande kjeder
I tillegg til dei frittståande butikkane omfattar tabellane under tre Sport Outlet-butikkar, som er eigd av det landsdekkande Sport Outlet-konsernet.
Selskapet Chatlet Sport har hovudkontor på Sandane i Gloppen og har butikk der, på Nordfjordeid og i Førde.
XXL og Intersport-butikkane på Moa og i Breivika i Ålesund er kjedeeigd.
Sport 1 Ørsta as | ||
Tal i mill. kroner | 2020 | 2019 |
Driftsinntekt | 8,5 | 7,4 |
Driftsresultat | 1,1 | 0,4 |
Resultat før skatt | 1,1 | 0,4 |
Intersport Stranda as | ||
Tal i mill. kroner | 2020 | 2019 |
Driftsinntekt | 8,7 | 7,6 |
Driftsresultat | 1,0 | 0,5 |
Resultat før skatt | 1,0 | 0,5 |
Peder Øie as | ||
Tal i mill. kroner | 2020 | 2019 |
Driftsinntekt | 7,3 | 4,9 |
Driftsresultat | 1,2 | -0,04 |
Resultat før skatt | 1,2 | 0,03 |
Intersport Fosnavåg as | ||
Tal i mill. kroner | 2020 | 2019 |
Driftsinntekt | 2,5 | 1,1 |
Driftsresultat | 0,1 | -0,1 |
Resultat før skatt | 0,1 | -0,1 |
Chatlet Sport as | ||
Tal i mill. kroner | 2020 | 2019 |
Driftsinntekt | 24,9 | 23,3 |
Driftsresultat | 3,3 | 2,7 |
Resultat før skatt | 3,4 | 2,7 |
Sport Outlet Ørsta 47 as | ||
Tal i mill. kroner | 2020 | 2019 |
Driftsinntekt | 10,8 | 9,3 |
Driftsresultat | 1,5 | 0,8 |
Resultat før skatt | 1,3 | 0,5 |
Sport Outlet Ålesund as | ||
Tal i mill. kroner | 2020 | 2019 |
Driftsinntekt | 14,3 | 14,3 |
Driftsresultat | 0,5 | 0,9 |
Resultat ført skatt | 1,0 | -0,9 |
Sport Outlet Stryn 53 as | ||
Tal i mill. kroner | 2020 | 2019 |
Driftsinntekt | 9,5 | 8,3 |
Driftsresultat | 1,5 | 0,3 |
Resultat før skatt | 1,4 | 0,1 |
Sports Måløy as | ||
Tal i mill. kroner | 2020 | 2019 |
Driftsinntekter | 10,2 | 8,9 |
Driftsresultat | 0,6 | 0,3 |
Resultat før skatt | 0,5 | 0,2 |
Publisert: 14.07.2021 06:00
Sist oppdatert: 14.07.2021 09:36