Elendig start, sterk langspurt
2020 starta med elendig vintervêr i januar. Hovudeleverandøren gikk konkurs i februar. Og så kom korona i mars.
- Vi var stressa, seier dagleg leiar Bjørn Valderhaug om starten på 2020 for Sunnmøre Sport Holding.
Selskapet eig heilt eller delvis sju sportsbutikkar på Sunnmøre og i Nordfjord, og er største frittståande og lokalt eigde aktør i sportshandelsbransjen på Nordvestlandet.
I januar svikta salet på grunn av dårleg vêr, i februar sleit Sunnmøre Sport Holding-butikkane med å få tak i varer på grunn av konkursen hos sportsutstyrsgrossisten Gresvig og i mars vart praktiskt tala alle tilsette delvis permitterte på grunn av koronaepidemien og tiltaka mot den.
Vendepunkt i april
Etter den dårlege starten på 2020 byrja Valderhaug og kollegaene i midten av april å sjå dei første teikna på det som skulle kome. Reiserestriksjonar og andre smitteverntiltak gjorde at folk ville ut på tur og då skulle dei ha frilufts- og fritidsutstyr.
Juli blei ein rekordmånad, og i løpet av august hadde selskapet henta inn salet som det hadde gått glipp av i starten av året.
Fasiten blei 8,6 prosent vekst i driftsinntektene, og ei markert betring i lønsemda.
Artikkelen held fram under tabellen
Les også
Sunnmøre Sport Holding-konsernet | ||||
Tal i mill. kroner | ||||
Driftsinntekt | Res. f. skatt | |||
2020 | 2019 | 2020 | 2019 | |
Hofseth Sport as | 14,4 | 13,8 | 1,4 | 0,6 |
Sport Volda as | 11,8 | 11,9 | 0,3 | 0,4 |
Straumane Sport as | 10,4 | 9,3 | 1,2 | 0,2 |
Straumane Sport Ørsta as | 10,3 | 9,4 | 1,2 | 0,3 |
Sport Ørsta as | 9,9 | 8,5 | 0,4 | -0,5 |
B.S. Aure Sport as | 8,9 | 7,2 | 1,0 | 0,2 |
Sport Stryn as | 8,8 | 8,5 | 0,2 | -0,5 |
SUM | 74,5 | 68,6 | 5,7 | 0,7 |
Sunnmøre Sport Holding eig 51 prosent av B.S.Aure Sport i Sykkylven og 100 prosent av dei andre selskapa |
Betre enn fjoråret
Etter første halvår i år er driftsinntekter til Sunnmøre Sport Holding høgare enn dei var i fjor.
Det håpar Valderhaug vil vere tilfelle også når 2021 er omme, og er spent på korleis marknaden utviklar seg etterkvart som smitteverntiltaka mot koronaviruset blir avvikla.
- Vi ser at det flatar meir ut, seier han.
Salet i år kunne vore enda betre, om ikkje den verdsomspennande koronaepidemien ikkje hadde forstyrra flyten i forsyningslinene. No er det først og fremst sykkel som er problemet, butikkane får ikkje nok modellar og delar til alle som vil ha.
Lokalt eigd
Sunnmøre Sport Holding-konsernet omfattar sju butikkar; G-Sport Hofset og Straumane Sport i Ulsteinvik, Sport Ørsta og Straumane Sport Ørsta i Ørsta, Sport Volda i Volda, Sport Stryn i Stryn og B.S. Aure Sport i Sykkylven.
Eigarane held til på Nordvestlandet. Største aksjonær er Steffen Kvalsvik Frøystad, Tore Hasund og Andrea Madelen Muren sitt selskap, Straumane Sport Holding, med 36,9 prosent av aksjane. Frode Hofseth eig 22,1 prosent gjennom sitt selskap Frode Hofset as.
Publisert: 09.07.2021 06:00
Sist oppdatert: 09.07.2021 11:20