Straum kraft foto terje pedersen scanpix
STRAUM: I Noreg er straumnettet det same. Sjølv om du betaler for «grøn straum», får du same straum som dei som ikkje betaler for det. Arkivfoto: Terje Bendiksby / NTB / NPK
Nytt

Braut lova ved å garantere at straumen var fornybar

Ti straumselskap har brote lova ved å garantere at straumen deira er heilt fornybar, konkluderer Forbrukartilsynet.

03.07.2021

Ti andre selskap er i faresona.

– Kva for straumavtale ein har, påverkar ikkje straumen ein får levert i stikkontakten. Forbrukartilsynet meiner derfor at kraftselskap ikkje kan gi inntrykk av at forbrukarane kan få levert «grøn» straum gjennom straumavtalen dei har, seier Tonje Drevland i Forbrukartilsynet til NRK.

Tilsynet meiner selskapa driv villeiande marknadsføring når dei seier at dei sel «grøn straum» utan å forklare det nærmare.

Straumen er den same
Fleire selskap sel også garantiar om opphav. Da blir det garantert at kor mykje straum ein brukar, òg vil produserast fornybart. Men straumen du bruker, er framleis den same som alle andre i Noreg har.

– Å kjøpe straumavtaler med garantiar om opphav er ein måte forbrukarar kan støtte produsentar av fornybar energi. Det påverkar likevel ikkje straumen som forbrukaren får levert i heimen gjennom sin straumavtale, seier Drevland.

Tafjord og Rauma
Selskapa som må stanse eller endre annonsane sine, er Fortum markets, Tibber Norge, Teilnet Energi, Tafjord Kraft, Bærum Energiomsetning, Kraftriket, Ustekveikja Energi, SkandiaEnergiOmsetning, Glitre Energi og Rauma Energi.

I tillegg har NorgesEnergi, Agva Kraft, Lyse Energisalg, Yetz Strøm, Fortum Strøm (Hafslund Strøm), LOS, Ren Røros, Orkla Home & Personal Care, Essity Norway og Mer Norway blitt bedne om å gjere greie for for annonsane sine.

Publisert: 03.07.2021 09:25

Sist oppdatert: 03.07.2021 09:29

Mer om