Jarl Even Eide og David Sigurdsson foto Feel Free Production 1
Grunnleggarane: Jarl Even Eide og David Sigurdsson har i dag åtte tilsette i Feel Free Porduction. Foto: Feel Free Production.
Nytt

Brems for Feel Free Production

Etter inntektsrekord i 2023 blei det tregare marknad frå august i fjor. No satsar Feel Free Production på at skate-ramper gir selskapet nytt bein å stå på.

10.06.2025

Serieproduksjon har aldri vore møbel- og innreiingsprodusenten Feel Free Production si greie. Her er det skreddarsaum som gjeld, men no vil selskapet ha eit standardisert produkt som kan produserast i seriar og gi dei eit nytt bein å stå på.

Det dei satsar på er rampar til skateanlegg, som kan monterast og demonterast på få timar. 

Rampen er bygd slik at den ikkje treng skruar til skjelettet og blir produsert for å bli levert flatpakkar frå fabrikken på Holmøyane ved Hornindalsvatnet. 

Målguppa er til dømes festivalarrangørar som vil ein skaterampe til arrangementet sitt, eller skular som vil ha ein skaterampe som kan takast ned og lagrast inne om vinteren.

Bilde rampe Kalvatn foto Felel free production
LETT Å MONTERER OG DEMONTERTE: Skjelettet til skaterampen til treng ikkje skruar og kan settast opp og demonterast i løpet av få timar. Til skilnad frå skreddarsaumproduksjone bedrifta ellers driv med er dette eit standardiserte produkt som kan produserast i seriar. Foto: Feel Free Production.

Omslag i august
Dagleg leiar David Sigurdsson i Feel Free Production seier selskapet merka ei endring i marknaden i august i fjor, etter å ha sett inntektsrekord året før. Det vart mindre å gjere på dei fleste felt, seier han.

Det har gjort at Feel Free Production  har redusert talet på tilsette, frå 10 til åtte - der ein av dei tilsette per i dag er permittert. Etter underskot i fjor (sjå tabell) har aksjonærane gått inn med 400.000 kroner i ny eigenkapital i år. 

Kjøpte konkursbuet
Dei to møbelsnikkarane David Sigurdsson og Jarl Even Eide kjøpte konkursbuet til Holmøy Møbelfabrikk ved Hornindalsvatnet i 2015 og flytta verksemda dei etablerte i Stryn i 2013 inn i dei gamle fabrikklokala. Både Sigurdsson og Eide er medeigare i selskapet.

Trass inntektsnedgangen i fjor er 2024 året med den neste høgaste inntekta selskapet har hatt. 

I åra 2021-2023 gjekk selskapet med små overskot. 

Feel Free Production as  
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt9,210,3
Driftsresultat-0,40,04
Resultat før skatt-0,50,004

Publisert: 10.06.2025 12:55

Sist oppdatert: 10.06.2025 12:44

Mer om