Inntektshopp for møbelprodusent
Feel Free Production ligg føre 2023 så langt i år.
I 2015 kjøpte dei to møbelsnikkarane David Sigurdsson og Jarl Even Eide opp konkursbuet til Holmøy Møbelfabrikk ved Hornindalsvatnet.
I dag sysselset Feel Free Productions ni og eit halvt årsverk på fabrikken i Holmøyane og kontoret i Stryn. I tillegg til Sigurdson og Eide, er prosjektansvarleg Marta Myklebust og styremedlem Sigurdur Jon Thorvaldsson medeigarar i bedrifta.
Inntektshopp i fjor
I fjor auka selskapet driftsinntektene med nesten tre millionar kroner, til 10,3 millionar. Det er rekord for selskapet. Så langt i år er inntektene høgare enn på same tid i fjor.
Selskapet har investert i nye maskiner og utstyr, som medverka til at resultatet før skatt blei redusert og enda med eit lite overskot i fjor, fortel dagleg leiar Wenche Flølo til NETT NO.
Meir kjent
Det er fleire årsaker til inntektsauken i fjor, ifølgje Feel Free Productions-sjefen.
Selskapet har blitt meir kjent, fekk vere med på eit rehabiliteringsoppdrag på Høgskulen i Volda og hadde eit innreiingsoppdrag på ei over 400 kvadratmeter stor hytte på Strandafjellet med plassbygde møblar.
Skreddarsaum
Ideen til Feel Free Production er å levere spesialbygde møblar og innreiingar til kvar kunde.
Så langt har selskapet ikkje merka at rente- og kostnadsauken har vore ein brems i marknaden.
- Vi sel kanskje møblar til ei gruppe som har pengar å bruke uansett, seier Flølo.
Feel Free Production as | ||
Tal i mill. kroner | 2023 | 2022 |
Driftsinntekt | 10,3 | 7,4 |
Driftsresultat | 0,04 | 0,1 |
Resultat før skatt | 0,004 | 0,1 |
Publisert: 27.03.2024 05:00
Sist oppdatert: 26.03.2024 23:32