Vurderer emisjon for whisky-satsing
Harald Strømmegjerde aukar salet av gin og akevitt månad for månad. Neste steg er å satse på whisky.
Strømmegjerde er eigar og drivar av Brennevinsgrova i Sykkylven, som i fjor hadde sitt første heile driftsår.
2021 starta betre enn 2020, mellom anna fordi Brennvinsgrova har utvida sortimentet av gin og akevitt. I år har han også fått fleire internasjonale bransjeprisar, mellom anna sølvmedalje for sin første ginvariant, Brennevinsgrova London dry gin, på Nordic Spirits Award.
Strømmegjerde har og inngått ein avtale med taxfree-operatører Heinemann, som i første omgang kan opne for sal i taxfree-butikken på Gardermoen.
- Det ser bra ut. Så langt har eg seld meir alle månadane samanlikna med i fjor, seier Strømmegjerde om 2021.
Etterkvart som vaksineringa skyt fart og koronapandemien slepp taket, ventar han at salet skal auke endå meir.
Les også
Brennevinsgrova as | ||
Tal i mill. kroner | 2020 | 2019 |
Driftsinntekter | 1,7 | 0,4 |
Driftsresultat | 0,8 | -0,1 |
Resultat før skatt | 0,7 | -0,2 |
Whisky neste sommar
Neste sommar kjem den første whiskyen frå Brennvingsgrova ut i marknaden, etter tre år på fat.
Strømmegjerde arbeider med planar om ei utvida satsing på whisky.
Det kan i første omgang skje ved å investere i destillasjonsanlegg som blir brukt i kombinasjon med dagens anlegg, for å produsere også whisky.
Lukkast det, kan neste steg vere å investere i eit større anlegg for whisky-produksjon.
Det er ei investering som i så fall kan blir finansiert gjennom ei kapitalutviding der Strømmegjerde får med seg medeigarar. Det må vere medeigarar som er tolmodige, poengterer han, for whisky-produksjon er ei tidkrevande affære der investorane må rekne med å vente fem år før det tek til å kaste av seg.
Arbeider på fritida
Strømmegjerde tek ikkje ut løn frå firmaet, og slik blir det truleg ei tid framover også.
Arbeidsmengda med dagens produksjon er ikkje større enn at Strømmegjerde brukar og kveldar og helgar på brenneriet. Han har full jobb arbeid med sal og kundeoppfølgjing hos IMG Group, eit datterselskap i Ekornes-konsernet.
Publisert: 03.06.2021 12:01
Sist oppdatert: 03.07.2021 08:32