Harald strømmegjerde montasje jann vestby brennevinsgrova gardsbrenneriet foto ogne 22
STRENGE REGLAR: Både Harald Strømmegjerde (t.h.) ved Brennevinsgrova og Jann Vestby ved Gardsbrenneriet opplever at strenge reglar legg ein dempar på moglegheitene til å nå ut til marknaden. Foto: Ogne Øyehauge
Nytt

Dagen derpå for brennevinsgründerar

Om lokale brenneri har folk innom som vil kjøpe varene, må dei visast til Vinmonopolet - og dei får knapt fortelje om nye produkt. Stortinget sa nei til eit forslag som kunne gjort mykje annleis.

Marius Rosbach
12.02.2021

Brennerieigar Harald Strømmegjerde er eigentleg nøgd med korleis det går med gründerbedrifta han starta for eit drygt år sidan. NETT NO fortalde i haust korleis han til tider har hatt meir enn nok med å lage nok til å dekke etterspurnaden.

Men han kjenner på at dei norske reglane for sal av alkohol legg sterke føringar for korleis han og andre gründerar i bransjen skal få selt og marknadsført verksemda.

– Eg er litt skuffa over at ikkje fleire ser moglegheitene til å skaffe arbeidsplassar i denne næringa. Med alkoholavgiftene går dessutan om lag halvparten av omsetninga rett til staten, påpeiker han.

Berre Frp og SV sa ja til brennerisal
Torsdag behandla Stortinget eit forslag som kunne gjort mykje annleis for Strømmegjerde og andre som lev av å brenne, eller brygge alkoholholdig drikke.

Harald strømmegjerde brennevinsgrova foto brennevinsgrova 11
LOKALHISTORISK: Namnet til Brennevinsgrova i Sykkylven kjem av staden der hestane fekk vatn og karane tok seg ein støyt brennevin når dei hadde vore inne i sentrum. Foto: Brennevinsgrova

Frp stod bak forslaget som mellom anna ville opne for at destilleri og bryggeri skulle få lov til å selje eigne varer frå sitt eigne produksjonslokale, og i det minste få selje miniatyrflasker som suvenirar.

– Alltid når eg har folk på besøk, så kjem spørsmålet om kvifor dei ikkje kan få kjøpe noko. Eg må berre vise til reglane og forklare vegen til Vinmonopolet, fortel han.

Forslaget fekk berre Frp og SV si støtte, og medan dei andre partia samla viste til helseministeren si uttale i saka, om at alkoholbruk er ein av dei største helserisikoane i samfunnet.

Vil helst selje «gode norske produkt»
Då saka var til debatt i Stortinget, argumenterte Frp-politikar Bård Hoksrud med at forslaga ikkje ville truge målet om å få ned alkoholforbruket.

– Detter handlar om at vi heller vil at det blir selt gode norske produkt, staden for å selje dyre utanlandske produkt, sa han.

Frp-politikaren meiner ei lemping på reglane i første rekke var «knallgode forslag» for dei næringsdrivande, og at det til dømes er tåpeleg at norske produsentar ikkje får lov til å fortelje omverda at dei presterer i verdsklasse – ifølgje lova slik den er i dag.

Storindustri kring skotsk whisky
Brennerieigaren i Sykkylven er også skuffa over at ikkje Senterpartiet legg meir vekt på moglegheitene for næringsverksemd i distrikta, som ligg i å slakke på reglane.

Harald strømmegjerde brennevinsgrova foto ogne 333
GOD VEKST: Harald Strømmegjerde har opplevd god vekst i oppstarten med brenneriet, men skulle gjerne hatt lempa på ein del av reglane bransjen må halde seg til. Foto: Ogne Øyehaug

Destilleriet ligg «midt i» turistløypa på Sunnmøre både sommar og vinter. Sjølv om han ikkje får selje produkta på flaske, har han fått skjenkeløyve og jobbar med å legge meir til rette for å ta i mot besøk.

– Eg trur slike lokale produkt kan ha stor interesse mellom folk på besøk i regionen, som vil oppleve meir enn fjord og fjell. Til eksempel i Skotland har dei laga ein kjempeindustri kring whiskyproduksjon, påpeiker Strømmegjerde.

Kan ikkje reklamere på ein «fornuftig måte»
I dag kan brennerieigaren knapt fortelje dei mange tilreisande at han til dømes lagar gin med jordbær og bringebær frå Valldal. Og dei færraste klarer å finne fram til bestillingsutvalet på Vinmonopolet på eige hand.

Brennevinsgrova produkt akevitt gin foto brennevinsgrova 11
FÅR IKKJE REKLAMERE: Slike bilde av akevitt-en eller dei fleire gintypane dei lagar, får ikkje Brennevinsgrova legge ut til forbrukarane. No jobbar dei med nye typar akevitt og ein whisky-type. Tang frå dei lokale taredyrkarane i Tango Seaweed er mellom ingrediensane i fleire av produkta. Foto: Brennevinsgrova
Eg er litt skuffa over at ikkje fleire ser moglegheitene til å skaffe arbeidsplassar i denne næringa. Med alkoholavgiftene går dessutan om lag halvparten av omsetninga rett til staten

Fleirtalet på Stortinget ville heller ikkje opne for at produsentar kan reklamere for produkta sine på sosiale media.

– I dag har vi ikkje moglegheita til å reklamere for produkta på ein fornuftig måte. Ikkje ein gong eit nøytralt bilde av ei flaske med informasjon om kva slags produkt det dreiar seg om, er lov med dagens reglar, fortel Strømmegjerde.

Liten siger i stortingsvedtaket
Ein liten siger vart det likevel i torsdagens vedtak. Fleirtalet går inn for at greie ut endringar i innkjøpsforskriftene til Vinmonopolet, med «sikte på å auke utvalet av lokalproduserte varer ved kvart enkelt utsal».

Strømmegjerde sett naturlegvis pris på initiativet, men trur det vil ha lite å seie i praksis for Brennevinsgrova.

– Det kan opplevast mest som ein tilfeldigheit at folk oppdagar produkta våre i polet sitt utval, fortel han – men påpeiker at det er via Vinmonopolet han sel mest i dag.

Sel 80-90 prosent via polet i dag
Også Gardsbrenneriet på Sandane i Gloppen kunne hatt god nytte av ei liberalisering av lovverket. Jann Vestby fortel at det ikkje er noko hinder i innkjøpsreglane til Vinmonopolet som hindrar lokale produkt tilgang i dag.

Gardsbrenneriet lagar mellom anna cider, likør og brennevin ved familiegarden, og sel 80-90 prosent av varene sine via polet. Spesielt netthandel er viktig, ifølgje Vestby.

– Det å vere liten er ikkje alltid lett i kampen om plassering og volum i hyllene, der internasjonale produkt kan nytte sosiale media – medan vi ikkje får lov til å vende oss til forbrukarane, fortel han.

Brennerieigaren opplever likevel Vinmonopolet som svært interessert i lokale produkt, og merksemda på polmessene er stor. Men Vestby kan ikkje kontakte sitt lokale Vinmonopol for å informere om dei har ein likør på gong. Då må han gå via polet sentralt, som legg ut informasjon i sine kanalar.

– Er landbruksprodukt
Kravet om at råvarene skal kome frå eigen gard, er ein anna regel Vestby vil til livs.

Jann vestby synnøve vik bergstad foto gardsbrenneriet 11
SATSA I GLOPPEN: Med epler frå eigen gard som utgangspunkt har Jann Vestby og Synnøve Vik Bergstad etablert Gardsbrenneriet i Gloppen og blitt den største produsenten av alkoholhaldige drikkar på Nordvestlandet. Foto: Gardsbrenneriet

– Å seie at råvarene kjem frå Norge kunne ha vore ei løysing. Eg meiner det er viktig å få fram at alkoholholdig drikke er landbruksprodukt ved et vi gjærar det som blir produsert i landbruket, påpeiker han.

Vestby trur også ei statleg salsbevilling for netthandel for drikke med låg alkoholprosent, kan vere lurt. For sokalla «butikkvarer» må ein i dag søkje kvar enkelt kommune om løyve, som gjer ting unødvendig tungrodd og byråkratisk meiner han.

Turistar vil ha smaksprøver
Gardsbrenneri-eigaren meiner fleire av reglane er unødvendig strenge. At dei ikkje har moglegheit til å selje suvenirflaskar er eitt døme.

– Vi opplevde i sommar at folk hadde vore veldig interessert i å få med ei smaksprøve når dei kom på besøk. Det hadde hjelpt oss med tanke på turisme, og til å få forbrukarane bevisste på kva vi tilbyr, fortel Vestby.

Han meiner samtidig at det er viktig å ta vare på Vinmonopolet som eit kvalitetsutsal:

– Men om vi hadde nokre fleire moglegheiter for sal, slik ein gjer i andre marknader, så kunne vi nok hatt høgre omsetning, legg han til.

Les også: Sel for millionar første heile driftsår

Koronabrems for Gardsbrenneriet

Slektsgarden ber frukt

Satsa på brenneri i Gloppen

Vekst og generasjonsskifte for Sunnmørsmat

- Interessa for lokalmat har eksplodert

Siste artikler

Publisert: 12.02.2021 11:00

Sist oppdatert: 03.06.2021 08:56

Mer om