Bruktbilsalet blir viktigare
Bilforhandlar held koken. Selde fleire, men billigare bilar i fjor.
Hyundai og Maza-forhandlaren Ulstein Bil merka at pilane peika nedover på inntektssida i fjor. Dagleg leiar Gunnar Olav Eiksund fortel om eit krevjande år, spesielt siste kvartal.
– Vi er likevel nøgd med fjoråret i ein situasjon der mange bilforhandlarar slit, og kjem ut med minustal, seier han til NETT NO.
Vi har selt fleire rimelege brukte bilar, som har dekka opp det meste av nedgangen på salet av nye og dyrare bilar
Fleire år med rekordinnntekt
Etter å ha hatt rekordhøge inntekter på meir enn 80 millionar to år på rad, fekk omsetninga ein knekk i 2023 – og stoppa like oppunder 70 millionar.
– Vi har selt fleire rimelege brukte bilar, som har dekka opp det meste av nedgangen på salet av nye og dyrare bilar, seier Eiksund.
Marginane er knappe – som hos mange i bransjen – men Ulstein Bil leverte likevel eit overskott før skatt på nivå med året før – kring ein million (sjå tabell under).
Viktig at folk har jobbtryggleik
Tradisjonen tru er Ulstein-forhandlaren tidleg ute med å levere rekneskapen. Samtidig er gjerne bilbransjen ein temperaturmålar for korleis folk vel å bruke pengane sine.
Så lenge folk framleis har tryggleiken i at dei har jobb framover, trur bilforhandlaren at også 2024 blir eit bra år.
– At folk har jobb, er faktor nummer ein for at folk skal handle bil, seier Eiksund.
Det spelar også inn at ein rekke bedrifter i lokalmiljøet går godt. Ein del av kundane har også betalt ned bustadlåna sine, og blir ikkje råka direkte av auka rente.
Selde flest bruktbilar
Kring av to av tre bilar som bilforhandlaren selde i fjor, var bruktbilar.
– Eg trur bruktbil blir eit meir viktig forretningsområde i år, og dei held seg godt pris, seier han.
Ulstein Bil legg ut bruktbilane dei får inn på nett, men dei har også ei liste med potensielle kundar, som blir varsla når forhandlaren får inn bilar.
Trur på auka nybilsal i løpet av året
På nybilmarknaden spør kundane i stor grad etter elbilar, ikkje minst etter at avgiftene på hybridbilar gjekk opp frå årsskiftet.
– Vi har hatt ein god start på året, både på bruktmarknaden og salet av nye bilar, fortel Eiksund.
Etter sommaren trur han det blir meir fart i nybilsalet. Ei årsak er at lagera av tidlegare modellar då vil vere tømde, men han trur også utsiktene til noko lågare rente kan slå inn på folk sine val.
– Eg trur 2024 blir eit nokolunde likt år som i fjor, men vi må halde fram å vere kostnadsbevisste, påpeiker han.
Ulstein Bil As | ||
Tal i mill. kroner | 2023 | 2022 |
Driftsinntekt | 69,5 | 80,2 |
Driftsresultat | 1,5 | 1,5 |
Resultat før skatt | 1 | 1 |
Populære modellar
Hyundai sin Ionic 5 som ligg på ein pris nærare ein halv million kroner, er ein type modell som har fått merke at folk snur ekstra på krona. Nye Hyundai Kona som ligg i prissjiktet under, vart samtidig eit populært val då den kom mot slutten av fjoråret.
– Den redda litt av salet i siste kvartalet i fjor, og var ein kjekk bil å få på slutten av året, seier Eiksund.
Bilforhandlaren fortel at dei også har selt ein del av den rimelegare Mazda MX 30.
– Vi har også mange lojale kundar som har vore vande med å handle med Ulstein Bil, og kjem tilbake til oss, påpeiker han.
For desse kundane er det gjerne eit godt kundeforhold som spelar inn meir, enn kva modellar dei ulike merkene har i marknaden det året.
Publisert: 21.02.2024 05:00
Sist oppdatert: 21.05.2024 12:31