Brunstad spissar designsatsinga
MEIR DESIGN: Av og til løner det seg å vere tolmodig. Etter to år i butikkane, nesten utan sal, har sofamodellen Stream blitt ein bestselgar for Brunstad og Brunstadsjef Reidar Mjelde.
Nytt

Brunstad spissar designsatsinga

Brunstad utvidar designar-stallen og satsar enda spissare på design.

15.12.2014
Rett innanfor døra i showrommet på Brunstad-fabrikken i Sykkylven står sofaen Stream. Sofamodellen kom ut i butikkane for to år sidan, og der blei den ståande. Det var rett og slett ingen suksess, før no.
Fabrikken var truleg for tidleg ute med Stream-lanseringa, men no er sofaen blitt ein av bestselgarane, fortel administrerande direktør Reidar Mjelde.
Etter nokre svake år er møbelprodusenten i Sykkylven i klar betring, men Mjelde vil at det skal bli enda betre.

Må gi noko ekstra

Han har klokkartru på at det er råd å lukkast med møbelproduksjon i Noreg, men då er det naudsynt å gi kundane noko dei syns er verdt den ekstra prisen. Norskproduserte møblar kan ikkje vinne på pris, men må basere seg på komfort, kvalitet og design.
- Viss du trur du skal kunne konkurrere med Aust-Europa på pris så kan du berre flagge ut med ein gong. Vi må gi kundane ei oppleving av at dette er verdt å betale for, seier Mjelde.

Utvidar stallen

Brunstad har samarbeidd tett med designarane Arild Alnes og Helge Tharaldsen i fleire år. Selskapet tilsette Kjetil Klokk som produktutviklingssjef tidlegare i år og er no i ferd med å knyte til seg ein ny designar, i tillegg til Alnes og Tharaldsen. Mjelde vil førebels ikkje seie kven, men seier det er snakk om ein kapasitet i bransjen.
-Vi stilar høgt, seier han.
Saman med bedrifta skal den nye designaren vere med på å utarbeide ein ny og klarare strategi for Brunstad. Arbeidet skjer i samarbeid med Innovasjon Noreg, og startar på nyåret.
- Det skal gi oss ei retning på alt nytt vi skal utvikle, seier Mjelde.

Kopiere bilindustrien

Til skilnad frå Ekornesfabrikken like over fjorden er det få industrirobotar i produksjonshallen hos Brunstad. Fabrikken har for liten produksjon til at robotisering vil løne seg, så rasjonalisering av produksjonen må først og fremst skje ved å sikre god vareflyt både i eige hus og frå underleverandørane.
Men akkurat som hos Ekornes satsar Brunstad på å bygge flest mogleg av møblane på den same innmaten.
- Vi standardiserer, og skal standardisere enda meir, men vi skal standardisere på det som er inni, seier Mjelde.
Mjelde brukar bilindustrien som døme på ein industri som tilbyr mange svært ulike modellar, sjølv om alle er bygd på den same plattforma.

Må ha fridom

Men standardiseringa har sine grenser.
- Den må ikkje gå ut over designaren sin fridom, seier Mjelde.
Brunstad er avhengig av å ha eit stor utval av modellar. Bedrifta er leverandør til dei tre store møbelkjedene, Skeidar, Bohus og Møbelringen, og lagar eigne modellar eksklusivt for kvar av dei. I tillegg har bedrifta og eigne frittståande modellar som kan seljast hos alle kjedene, og hos frittståande forhandlarar.

Ikkje utflytting

Mjelde tok over som dagleg leiar etter Helge Brunstad i sommar. Han går langt i å garantere at det ikkje kjem på tale å flytte produksjonen av Brunstad-møblane og dei 92 arbeidsplassane i Sykkylven ut av landet.
- Det er overhode ikkje aktuelt, og hadde det vore aktuelt hadde eg ikkje gått inn i denne jobben, seier han.
No når oljeprisen fell og bremsene er på i heile oljebransjen er det ekstra viktig å satse på ferdigvareindustrien, meiner han.
- Noreg må tenke alternativ til olje, og då er vi ein del av ein landbasert ferdigvareindustri som det er viktig å ta vare på, seier han.
Viss du trur du skal kunne konkurrere med Aust-Europa på pris så kan du berre flagge ut med ein gong. Vi må gi kundane ei oppleving av at dette er verdt å betale for

Publisert: 15.12.2014 06:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:39