Brunvoll Kåre Øyvind Vassdal
MEIR Å GJERE: Brunvollsjef Kåre Øyvind Vassdal har auka bemanninga og bestilt fleire maskiner i år.
Nytt

Brunvoll-investering på 100 millionar

Aukar produksjonskapasiteten for å ta unna oppdrag.

22.12.2023

Dei 100 millionar kronene blir brukt på eitt boreverk for maskinering av girhus til konsernet sin fabrikk i Volda og eit
frese- og dreiesenter til fabrikken i Molde, fortel Brunvoll-konsernet i ei pressemelding

Marknaden har blitt vesentleg mykje betre i løpet av 2023, sa salssjef Stig Helland i Brunvoll Volda til NETT NO tidlegare i desember.

Selskapet lagar framdrift-, posisjonering- og manøvreringssystem for skip. og både Brunvoll i Volda og i Molde har søkt etter folk og auka bemanninga i løpet av hausten.

- Vi lyt få inn folk for å greie å ta unna, sa Helland.

Omslaget kom like før årskiftet i fjor. Då vart det fleire forespørslar, og spesielt etter sommaren har ordreinngangen skote fart, ifølgje Helland.

Publisert: 22.12.2023 09:39

Sist oppdatert: 22.12.2023 09:39