Brunvoll Westcon Salt Quantus 1000px 1
NY KONTRAKT: Denne skotske fiskebåten får utstyr frå Brunvoll-konsernet. Illustrasjon: Brunvoll/Salt Ship Design
Nytt

Brunvoll aukar bemanninga

Treng fleire folk for å ta unna nye oppdrag.

13.12.2023

Onsdag melder Brunvoll-konsernet om ein kontrakt med Westcon Yards, som skal bygge ein fiskebåt for skotske M. V. Quantus Limited og Peter & J. Johnstone Limited.

Kontrakten omfattar hovedpropulsjon- og reduksjonsgir, BruCon-kontrollsystem for propulsjon og thrustarar, aktre tunnel-thruster, og i baugen ein opptrekkbar combi azimuth- og tunnel-thruster, skriv Brunvoll i ei pressemelding.

Både Brunvoll-anlegget i Molde og i Volda skal levere til fartøyet.

Kraftig oppsving
- Det tilfører fabrikkane veldig mykje arbeid. Det er mange timar i verkstaden, seier salssjef Stig Helland i Brunvoll Volda om omfanget av kontrakten.

Marknaden har blitt vesentleg mykje betre i løpet av 2023, seier Helland, og både Brunvoll i Volda og i Molde har søkt etter folk og auka bemanninga i løpet av hausten.

- Vi lyt få inn folk for å greie å ta unna, seier Helland.

Omslaget kom like før årskiftet i fjor. Då vart det fleire forespørslar, og spesielt etter sommaren har ordreinngangen skote fart, ifølgje Helland.

Spådde vekst i år
Frå 2021 til 2022 blei driftsinntektene til Brunvoll-konsernet redusert frå 1,3 til 1,1 milliardar kroner, men allereie då spådde selskapet ny vekst i år.

I løpet av året har konsernet meldt om nye oppdrag på løpande band.

Ved utløpet av 2022 hadde konsernet 517 tilsette, 330 av dei i Molde og 130 i Volda.

Publisert: 13.12.2023 09:44

Sist oppdatert: 13.12.2023 12:43