Brunvoll volda foto ogne
FRIFUNNE: Brunvoll Volda er del av Brunvoll-konsernet med hovudkontor i Molde. Onsdag blei selskapet frifunne i retten. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Brunvoll Volda frifunne for søksmål

Tidlegare Siem Offshore ville ha 42 millionar i erstatning etter leveranse.

Marius Rosbach
13.11.2024

Brunvoll Volda er frifunne for eit søksmål på 42 millionar kroner frå Sea1 Offshore Rederi.

I staden må saksøkjarane, som tidlegare gjekk under namnet Siem Offshore Rederi, betale knappe 1,5 millionar kroner i sakskostnader til motparten. 

Det er konklusjonen til Møre og Romsdal tingrett som onsdag avsa dom i saka. 

Ikkje ansvarleg for tap
Striden dreiar seg om ein leveranse av sokalla O-ringar frå ein underleverandør av Brunvoll Volda som hadde ein anna hardheit enn det som var bestilt. Saksøkjarane meiner det gjorde dei ubrukelege.

Reiarlaget meinte at Brunvoll Volda handla grov aktlaust, men fekk ikkje medhald i retten for dette. 

Difor er Brunvoll Volda heller ikkje ansvarleg for tap som manglane påførte reiarlaget, konkluderer retten. 

Ikkje mogleg å oppdage feilen
Retten skriv i dommen at dei meiner det ikkje var mogleg for dei tilsette hos Brunvoll Volda å oppdage feilen i leveringa frå Ålesund-selskapet Tingstad. 

Dei hadde heller ikkje grunn til å vere særleg påpasselege ved slike leveringar, ut frå svært låge avvik i tidlegare leveringar. Retten påpeker også at det er låg risiko for skade på O-ringane. 

Sea1 Offshore Rederi har ein månad på seg til å anke saka. Sunnmørsposten omtalte saka først. 

Publisert: 13.11.2024 21:58

Sist oppdatert: 14.11.2024 00:30

Mer om