Bryllupsfest i Geiranger
Prinsesse Märtha Louise og Durek Verrett skal feire bryllaup på Hotell Union Geiranger.
NPK/NTB: Datoen er 31. august 2024.
– Vi er utruleg glade for å kunne feire kjærleiken vår i Geirangers vakre omgivnader. Det betyr mykje for oss å samle våre næraste på ein stad som er så rik på historie og spektakulær natur. Geiranger er den perfekte staden for å omfamne kjærleiken vår, seier paret i ein felles uttale.
- Det er ei stor ære, det er hyggeleg og vi gler oss, seir Monja Mjelva, som driv det familieigde hotellet saman med ektefellen Sindre.
I ei pressemelding om bryllaupet skryt Märthe Louise og Verret av naturen i Geiranger.
– Geiranger er kjent for den spektakulære fjorden og dei dramatiske fjella. Geirangerfjorden står på Unescos verdsarvliste og representerer Noregs rike kultur og naturskjønnheit.
Dei opplyser at dei på noverande tidspunkt ikkje vil gi fleire detaljar om bryllaupet.
Forholdet mellom prinsesse Märtha Louise og Durek Verrett vart først kjend i 2019, og i juni i fjor forlova dei seg. Datoen for bryllaupet har ikkje vore kjend før no.
Publisert: 13.09.2023 11:03
Sist oppdatert: 13.09.2023 11:03