NETT NO/NPK: Den tilsette som testa positivt gjorde det ved grensa, etter å ha vore på reise til familien i heimlandet. Etter ankomsten har personen vore i karantene og budd åleine. I samråd med kommunelegen er vedkommande no sett i isolasjon,
To andre tilsette i hurtigbåtverftet er sett i karantenen etter at dei var med på ein privat samankomst i Gloppen dei ein av dei 48 deltakarane har fått påvist korona.
Arbeider som før
Arbeidet ved verftet held fram som før.
– Vi er glade for at vi ikkje har fått smitte inn i verksemda, takka vere smittevernsrutiner som fungerer, seier dagleg leiar Tor Øyvin Aa.
Utvida stenging hos Havyard
Utbrotet av korona ved verftet Havyard i Hyllestad gjer at kommunen no har forlengd stenginga av verftet frå 10. til 19.oktober.
Det fortel
Samtidig får verftet ikkje setja i gang drift før det har gått minimum sju dagar utan nye smittetilfelle.
Koronaviruset har ramma den vesle kommunen hardt. Tysdag hadde kommunen rundt 80 koronasmitta. Dei var alle tilsette ved verftet eller i nær relasjon til desse, blei det opplyst.
Frå før er det kjent at korona også har gjort situasjonen vanskeleg for Kværner Stord.
Publisert: 08.10.2020 16:09
Sist oppdatert: 07.04.2021 17:38