Nytt
Brønnbåtsimulatoren opna
Administrerande direktør Roger Halsebakk i Sølvtrans skal kurse mannskapa i reiarlagets eigen brønnbåtsimulator.
04.09.2018
I dag opna Halsebakk brønnbåtsimulatoren hos Fosnavåg Ocean Academy (Fosac).
Sølvtrans gjekk inn som medeigar i Fosac seinhausten 2016, då Fosac var hardt råka av offshorekrisa og sleit med å få kundar.
Det arbeidet har også MMC First Process, som blant anna leverer utstyret for å suge fisk frå merdene og ombord i båten, vore med på.
Mannskapet som skal kursast og trenast skal både øve på å handtere båten og fisken.
I begge tilfelle er det snakk om store økonomiske tap, som trening i simulator kan forhindre at skjer. I simulatoren kan mannskapet dessutan trenast på ekstreme situasjonar og skaffe seg erfaringar som reiarlaget aldri vil tillate at dei trenar på under vanleg drift.
- Her er moglegheita vår til å lage til eit treningssenter, seier Halsebakk.
Anlegget og erfaringa med å lage simulatorprogram basert på Sølvtrans-skip og MMC First Process- utstyr vil favoriserer Fosac som simulatorsenter også for andre reiarlag fordi reiarlaga då slepp å bygge opp program heilt frå botnen, i følgje dagleg leiar Håvard Stave i Fosac.
Fosac kjem heller ikkje til å få konkurransen frå simulatorsenteret i Ålesund på dette feltet, i følgje dagleg leiar Joel Mills i simulatorsenteret i Ålesund.
Sølvtrans gjekk inn som medeigar i Fosac seinhausten 2016, då Fosac var hardt råka av offshorekrisa og sleit med å få kundar.
Partnarskap
Etter at Sølvtrans kom inn som medeigar er det blitt jobba med å utvikle simuleringsprogrammet som mannskapet skal øve på.Det arbeidet har også MMC First Process, som blant anna leverer utstyret for å suge fisk frå merdene og ombord i båten, vore med på.
Mannskapet som skal kursast og trenast skal både øve på å handtere båten og fisken.
Dyre feil
Feil frå brønnbåtmannskapet kan skade oppdrettsanlegget og føre til å fisk rømer, eller ta livet av fisken ombord.I begge tilfelle er det snakk om store økonomiske tap, som trening i simulator kan forhindre at skjer. I simulatoren kan mannskapet dessutan trenast på ekstreme situasjonar og skaffe seg erfaringar som reiarlaget aldri vil tillate at dei trenar på under vanleg drift.
- Her er moglegheita vår til å lage til eit treningssenter, seier Halsebakk.
Open for alle
I framtida vil senteret blir ope også for andre reiarlag.Anlegget og erfaringa med å lage simulatorprogram basert på Sølvtrans-skip og MMC First Process- utstyr vil favoriserer Fosac som simulatorsenter også for andre reiarlag fordi reiarlaga då slepp å bygge opp program heilt frå botnen, i følgje dagleg leiar Håvard Stave i Fosac.
Fosac kjem heller ikkje til å få konkurransen frå simulatorsenteret i Ålesund på dette feltet, i følgje dagleg leiar Joel Mills i simulatorsenteret i Ålesund.
Publisert: 04.09.2018 11:39
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:17