Bygger skip nr to for Lindblad sjekk korleis dei blir sjaaande ut paa innsida
STILFULLT: Illustrasjonar viser korleis Lindblad-skipa (innfelt) vert sjåande ut innvendig. Fartøya vert dei første cruiseskipa med X-Bow-løysinga frå Ulstein. 
Nytt

Bygger skip nr. to for Lindblad - sjekk korleis dei blir sjåande ut på innsida

Sjå dei første illustrasjonane av ekspedisjonsskipa. 

28.02.2019
Torsdag hadde Ulstein Group då dei kalla inn til pressekonferanse ved verftet.
Skipsbyggjarane har sikra seg bygging av eit nytt ekspedisjonscruiseskip for amerikanske Lindblad Expeditions Holding. Reiarlaget er samarbeidspartnar med National Geographic, som mellom anna gir ut magasinet med same namn.

Ulstein fekk allereie hausten 2017 , og hadde samstundes sikra seg opsjon på to skip til. Det er den eine av desse opsjonane som no er hanka inn som ein endeleg kontrakt.
Etter sommareferien kjem skroget til det første ekspedisjonscruiseskipet for utrusting ved Ulstein verft. Det skal leverast i 2020, medan det neste skal leverast mot slutten av 2021, ifølgje ei frå Ulstein Group.

Les også:



Det nye skipet vil ha plass til 126 passasjerar i 69 romslege lugarar og suiter. Tre av fire lugarar skal ha privat balkong. Skipa vert også utstyrt med fleire observasjonsdekk inne og ute.

– Ekspedisjonar ut frå skipet er forenkla gjennom eit innovativt festesystem for gummibåtar, noko som gir rask og trygg tilgang til ein kvar destinasjon, heiter det i pressemeldinga.
Ombord vil ein mellom anna finne kajakkar, langrennsski, ein fjernstyrt miniubåt, undervassmikrofonar, eit videomikroskop og undervassvideokamera.

Publisert: 28.02.2019 16:20

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:31