Byggjer like stort som Marine Harvest
FÆRØYANE: Tilsette i arbeid ved lakselskateriet i Kollafjordur. Dei aller fleste tilsette er færingar frå nærområdet.
Nytt

Byggjer like stort som Marine Harvest

Bakkafrost tek opp kampen med Marine Harvest om å ha verdas største lakseslakteri.

08.10.2015
Dette skriv , i ei sak som er gjengitt på .
Avdelingsleiar Andrias Petersen ved Bakkafrost i Klaksvik seier til at Bakkafrost i dag har ein kapasitet på 100 tonn per skift ved slakteria i Klaksvik og Kollafjordur. I tillegg har selskapet eit mobilt slakteri, der fisken vert henta med tanbil. Dette slakteriet klarer 65 tonn per skift.

Stor gevinst

Ifølgje iLaks er planen no å samle slakt og foredlede produkta. Då vert alle tre slakteria utfasa, inkludert to foredlingsanlegg og to kassefabrikker. Alt skal samlast i ein fabrikk.
Ifølgje konsernsjef Regin Jacobsen vil dette gi årlege gevinstar på 70-90 millionar kroner.

Satsar i Glyvrar

Det nye storslakteriet, som er under oppføring i Glyvrar, vil ha ein slaktekapasitet på 100.000 tonn på eitt skift.
– Det er på størrelse med Marine Harvest og SalMar Innovamar, seier han.
Marine Harvest sitt hovudslakteri ligg på Eggesbønes i Herøy.

Lokale tilsette

I motsetning til i Norge, har Bakkafrost stort sett lokale tilsette ved slakteria. Slakteria er dermed ein svært viktig arbeidsplass på Færøyane.
Laksen vert frakta med båt til Storbritannia eller kontinentet, delvis med eigne båtar, delvis med ferja Norrøna.
Bakkafrost slakta i tredje kvartal 13.000 tonn laks, opplyser selskapet i ei .

Publisert: 08.10.2015 09:21

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:47