Cathrine Kristiseter Marti foto Ogne
ÅLESUND: Om norske styresmakter går for Vard og Fincantieri sitt fregattalternativ, vil det bety at alle skal byggast i Norge, fortel Vard-sjef Cathrine Kristiseter Marti under The North West i Ålesund onsdag. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Alle fregattane kan bli bygd i Noreg

Toppsjefane i Vard og Ulstein Group stadfestar at oppdraget kan gi rekordstor byggekontrakt til verftsindustrien.

Både amerikanarar og tyskarar legg opp til at fregattane blir bygd her i landet, dersom Noreg vel deira tilbod.

Vard-eigar Fincantieri har ein avtale om å bygge fregattar for USA, ved Fincantieri sitt verft i Wisconsin i USA. Tilbodet frå amerikanarane er at Noreg skal få bygd fregattar av same slag.

I så fall er planen at alle av dei fem-seks fregattane blir utrusta hos verftet Vard Langsten. Skroga blir etter planen bygd hos Vard-verft i Romania.

Mykje større
Nett No har tidligare skrive at ein avtale med amerikanarane kan bety at i alle fall ein av fregattane kan bli bygd på Nordvestlandt. 

Men det kan blir mykje meir.

– Dei vil ikkje bli bygd i USA, seier Vard-sjef Cathrine Kristiseter Marti om dei nye fregattane Noreg skal ha.

Ho stadfestar at det amerikanske tilbodet er at alle fregattane blir utrusta her til lands. 

Gunvor Ulstein the north west foto Ogne
STORT OPPDRAG: Ulstein Group-sjef Gunvor Ulstein fortel at også dei vil bygge alle fregattane i Norge - om det tyske alternativet blir valt. Byggeoppdraget vil vere det største nokon gong for eit norsk verft. Foto: Ogne Øyehaug

Ulstein kan utruste alle
Ulstein Group har gått i kompaniskap med tyske Thyssenkrupp Marine Systems om bygging av fregattar. 

Ein del av intensjonsavtalen er at fregattane i så fall skal utrustast på Ulstein Verft, etter at skroga er bygd i Tyskland, ifølgje Ulstein Group-sjef Gunvor Ulstein.

Verftet har plass til fregattane i dokka, fortel ho til Nett No.

Det kunne også verftsdirektør Lars Lühr Olsen nyleg stadfeste då han fortalde om fregattoppdraga til ei gruppe verftspensjonistar.

Ikkje krav om bygging i Norge
Noreg skal bygge 28 mindre militære fartøy som ein del av opprustninga av forsvaret. Dei skal byggast i Noreg.

I tillegg skal Forsvaret har 5-6 nye fregattar. Det er opplyst at dei skal byggast i samarbeid med andre, og regjeringa har ikkje sett noko krav om bygging på norske verft.

I tillegg til at Tyskland og USA vil at Norge satsar på dei som samarbeidspartnarar, konkurrerer Storbritannia og Frankrike med sine fregattalternativ.

Gulrot til minst 35 milliardar
Gulrota frå tyskarar og amerikanarane er at deira fregattalternativ, samtidig vil bety eit rekordstort byggeoppdrag for norske verft. 

Tidlegare er det kjent at kvar fregatt blir prisa til mellom 7 og 12 milliardar kroner. Om store delar av kontraktsverdien går til norske verft, vil det utgjere 35 og 60 milliardar kroner. 

Til samanlikning har årsomsetninga til heile verftsindustrien vore mellom 20 og 24 milliardar dei siste par åra. 

Det største enkeltoppdraget på militære skip til no, har vore tre kystvaktskip Vard har levert i løpet av dei siste åra. Konsernet har tidlegare også bygd etterretningsskip og tidlegare kystvaktfartøy.

Podium

E1/S3 Den store usikkerheten – lander sunnmørsk næringsliv på beina?

Publisert: 30.04.2025 13:43

Sist oppdatert: 30.04.2025 13:43

Mer om