Byggjer ny fabrikk i USA
Hexagon Purus kan mangedoble produksjonen med nytt fabrikkanlegg i USA.
- Vi har hatt ein fabrikk i nærleiken, som vi har vakse ut av, seier Hexagon Purus-sjef Morten Holum etter at selskapet markerer opning av ny fabrikk i Westminster i Maryland i USA.
Investeringa i nytt produksjonsanlegg er i første omgang på 7,5 millionar dollar, men det viktigaste er at Hexagon Purus no har eit anlegg som gir plass for ei mangedobling av produksjonen, ifølgje Holum.
Hydrogentankar
Hexagon Purus lagar tankar og system for bruk av hydrogen som energiberar i bilar, bussar, tog, skip og for anlegg og industri.
Selskapet sin største aksjonær er Hexagon Purus, som lagar tilsvarande tankar og system for bruk av naturgass og biogass.
Begge selskapa er børsnotert, med hovudkontor i Ålesund. Storparten av inntektene kjem frå utlandet og dei fleste produksjonsanlegga ligg også i utlandet.
Milliardreserver
Ordreboka til Hexagon Purus var på ein milliard kroner ved utgangen av 3. kvartal, ifølgje kvartalsrapporten.
Selskapet meir enn dobla driftsinntektene per 3. kvartal 2022 - til 591 millionar kroner - samanlikna med tilsvarande periode i 2021.
Resultatet før skatt blei minus 308 millionar kroner.
Les også
Publisert: 30.01.2023 13:14
Sist oppdatert: 30.01.2023 13:27