Ein milliard i ordrereserve
Hexagon Purus har meir enn dobla inntektene i år.
Hexagon Purus lagar tankar og system for hydrogen som energiberar, i alt frå lastebilar til store industrianlegg.
Selskapet driv framleis med tresifra millionunderskot (sjå tabell pr. 3 kvartal), men underskotet i høve til driftsinntektene er kraftig redusert.
Kombinasjonen av auka bemanning, investeringar i auka produksjonskapasitet og prisauke på komponentar og råvarer er forklaringa på det store underskotet, i følgje kvartalsrapporten for 3. kvartal.
Ordrereserve på ein milliard
Så seint som i går melde Hexagon Purus om ein ny rammeavtale som kan gi 350 millionar kroner i inntekter fordelt over fire år.
Ordreboka til selskapet var på ein milliard kroner, ifølgje kvartalsrapporten.
Flakk-familien
Hexagon Purus blei skilt ut frå børsnoterte Hexagon Composites og børsnotert i desember 2020. Begge selskapa har hovudkontor i Ålesund, men storparten av produksjonen i utlandet
Hexagon Composites - med Flakk-familien i Ålesund som nest største eigar - lagar drivstofftankar og system for bruk av naturgass og biogass som energikjelde. Hexagon Composites eig 73,3 prosent av aksjane i Hexagon Purus.
Ved børsnotering var Hexagon Purus-aksjen verdsett til 40 kroner. I starten av januar 2021 var kursen stige til 82,10 kroner aksjen. Før børsopning i dag er kursen 20,16 kroner
Hexagon Purus ASA | ||
Pr. 3. kvartal. I mill. kroner | 2022 | 2021 |
Driftsinntekt | 591,5 | 248,9 |
Driftsresultat | -366,2 | -244,6 |
Resultat før skatt | -307,8 | -265,6 |
Hexagon Purus ASA | ||
3.kvartal. I mill. kroner | 2022 | 2021 |
Driftsinntekt | 222,4 | 103,3 |
Driftsresultat | -116,1 | -96,0 |
Resultat før skatt | -64,9 | -96,6 |
Publisert: 01.11.2022 08:05
Sist oppdatert: 01.11.2022 08:05