Bilforhandlar Auto 8 8 foto Ogne
NYTT BYGG: Der lastebilen står blir det nytt bygg, som skal huse salslokale for Nissan, Mazda og Hyundai. I bakgrunnen dagens bygg som blir Ford-butikken og verkstad for Auto 8-8 Ålesund, resultatet av samanslåinga av Auto 8-8 Rico og Auto 8-8 Vestlandske. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Byggjer nytt for 100 millionar

Auto 8-8 slår saman selskap og utvidar i Breivika.

05.11.2021

Auto 8-8 Vestlandske og Auto 8-8 Rico blir slått saman til eitt selskap, Auto 8-8 Ålesund, og samla på ein stad.

Ved årskiftet 2022/2023 er målet å ha klart eit nytt bygg i Breivika, ved sidan av bygget som i dag husar Auto 8-8 Vestlandske.

Det er snakk om ei investering på rundt 100 millionar kroner, seier konsernsjef Terje Sildnes i Auto 8-8. Bygget får to etasjar salslokale med parkering under og på taket.

Nybygget skal vere salslokale for Nissan, Mazda og Hyundai, medan dagens bygg skal vere salslokale for Ford og ha ein felles verkstad for alle fire bilmerka.

Over ein milliard
Auto 8-8-konsernet passerer i år ein milliard kroner i driftsinntekter, seier Sildnes. Det gjer selskapet til den største bilforhandlaren på Nordvestlandet, og det kan bli større.

- Det skjer mykje konsolidering i bransjen og eg trur vi må ta dei moglegheitene som kjem framover, seier Sildnes,

Hovudkontoret er på Eide og selskapet har i alt åtte forhandlarar (før dei to i Ålesund blir slått saman).

Til Ålesund i 2011
Auto 8-8 kjøpte det som i dag er Ford og Nissan-forhandlaren Auto 8-8 Vestlandske i 2011, og tilhøyrande tomt og anlegg i 2017.

Eigedomen omfattar både verkstad- og butikkbygget som står der i dag, halvparten av bygget som mellom anna har husa Wist Last & Buss (som flyttar til Digernesskiftet). Kjøpet omfatta og arealet mellom dei to bygga - som no delvis blir brukt til nybygget.

Lokala til Wist Last & Buss skal brukast til dekkhotell og klargjering av nye bilar.

I 2020 blei Mazda og Hyundai-forhandlaren Rico Bil i Fremmerholen kjøpt.

Medrekna det nye bygget som skal byggast anslår Sildens at konsernet har investert i underkant av 300 millionar kroner i etableringa i Ålesund.

Auto 8-8 Ålesund skal ha ei leiargruppe på tre, Jorunn Lundanes frå Auto 8-8 Rico, Marius Heidang-Olsen og Stefan Lausund frå Auto 8-8 Vestlandske.

Publisert: 05.11.2021 15:39

Sist oppdatert: 05.11.2021 15:39

Mer om