Byggjer nytt for over 100 millionar
UNDER BYGGING: Kundeansvarleg Per Arild Amelfot (t.v), administrerande direktør Petter Leon Fauske og prosjektleiar Nina Farstad i MMC First Process, saman med administrerande direktør Inger-Marie Sperre i Brødrene Sperre (t.h.) i lokala ved Brødrene Sperre sitt nye pelagiske anlegg under bygging. 
Nytt

Byggjer nytt for over 100 millionar

Brødrene Sperre opnar nytt pelagisk anlegg i september.

07.04.2020
Bygget som skal huse det nye anlegget blir over 2400 kvadratmeter stort. Brøderene Sperre kombinerer ombygging av deler av eksisterande anlegg og utviding. Målet er at anlegget skal vere klart til drift i september i år.
Investeringa i bygg og anlegg for handtering av sild, makrell og lodde, er på over 100 millionar kroner.

Ringverknadar

MMC First Process skal levere anlegget og entreprenørselskapet Peab Nordang er i gang med bygginga av bygget.
– Teknologien er godt kjent og vi har levert liknande løysningar fleire ganger, men storleiken og mengda fisk dette anlegget skal kunne handtere, gjer det heilt ekstraordinært, seier Per Arild Aamelfot i MMC First Process i ei pressemelding.

Fleksibilitet

- Vi får eit anlegg som er meir fleksibelt, seier administrerande direktør og medeigar Inger Marie Sperre i Brødrene Sperre.
Selskapet tek i mot, pakkar og sortere makrell, sild og lodde. Kapasiteten blir 30-40 prosent større enn med dagens anlegg.

Publisert: 07.04.2020 00:24

Sist oppdatert: 27.06.2021 09:23