Alle avgjerder om å bygge eit nytt hotell i Loen er tekne, og finansieringa på plass, seier Hotel Alexandra-sjef Richard Grov til Nett No.
Gå alt etter planen blir det byggestart i oktober i år og opning i april/mai 2028.
Bygget skal romme hotell, restaurant, bakeri og plass til aktivitetsselskap.
Grov vil ikkje seie noko om kva han ventar kostnaden blir, utover at det er snakk om ei tresifra investering.
Hotell nummer tre
Frå før omfattar Hotel Alexandra to hotell, sesonghotellet Hotel Loenfjord og heilårshotellet Hotel Alexandra. Det nye hotellet skal plasserast midt i mellom, og skal også ha heilårsdrift.
Byggeprosjektet har fått namnet Loen BASE og det blir namnet også når det nye bygget opnar. (BASE er ei forkorting for bakst, aktivitet, sove og ete).
Bygget blir på omlag 5.000 kvadratmeter, medrekna parkeringsgarasje i kjellar. I første etasje blir det bakeri, restaurant og kontor, lager og møtelokale til aktivitetsselskapet Loen Active.
I andre og tredje etasje blir det 28 hotellrom og 21 leilegheiter. Hotellromma blir dobbeltrom. 20 av leilegheitene får fem soveplassar, medan den siste får litt fleire. Leilegheitene blir utstyrt med kjøkken.

Ny målgruppe
Det nye hotellet skal både auke kapasiteten til Hotel Alexandra-konsernet og nå ei ny målgruppe; dei som vel eit overnattingstilbod og enten vil stelle seg mat sjølve, eller stå fritt til å velje kvar dei vil innta frukost og andre måltid.
Restauranten og bakeriet i bygget skal ha servering både inne og ute.
Bakeriet skal levere til eige utsal og i tillegg forsyne Hotel Loenfjord, Hotel Alexandre og Hoven Restaurant med brød og anna bakverk.
Ferskt bakverk frå eiga bedrift betyr at hotella for første gang blir sjølvforsynt med bakevarer. Dei håpar også at bakeriet skal få folk på gjennomreise til å legge ein inn stopp i Loen.
Publisert: 14.03.2026 05:00
Sist oppdatert: 13.03.2026 14:43






